Fagskoleutdanning



Fagskoleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som varer frå eit halvt til to år. Opptakskravet til fagskoleutdanning er

Fagskolen gir ei yrkesretta vidareutdanning som du kan ta direkte i bruk i arbeidslivet. Du lærer å kombinere teori og praksis ved å arbeide med røyndomsnære oppgåver. Studia skal utvikle reflekterte yrkesutøvarar og gjev mange jobbmoglegheiter i privat og offentleg sektor.

Fagskoleutdanning gjev rett til lån og stipend i Lånekassen.

Studietilbod på fagskolar

Det finst både offentlege og private fagskolar, og du kan utdanne deg til mange ulike og spennande yrke. Fagskoleutdanningar blir godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – NOKUT.

Fagskolane har studietilbod innanfor

Ei samla oversikt over studietilboda finn du på utdanning.no.

Enkelte fagskolar har samarbeid med norske og utanlandske høgskolar, noko som gjer det mogleg å byggje på fagskoleutdanninga til ein bachelorgrad og eventuelt til ein mastergrad.

Søknad og søknadsfrist

Offentlege fagskolar

Frå 2020 søkjer du opptak til offentlege fagskolar gjennom Samordna opptak
Søknadsfristen er 15. april. Opptaket opnar 1. februar i Samordna opptak.

Førespurnader om dei ulike tilboda må du rette direkte til den aktuelle fagskolen fram til alt er på plass hos Samordna opptak.

Private fagskolar

Søknadsfristen kan variere frå skole til skole. Nokre skolar har rullerande opptak fram til utdanninga startar. Sjekk den aktuelle skolen for å finne ut meir om søknadsfrist og korleis du søkjer.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.