Fag med lengre læretid



I enkelte lærefag med mykje teori kan opplærings- og verdiskapingstida til saman vere fire og eit halvt år eller fem år, og nokre har Vg3 i skole. Slike lærefag finst først og fremst i utdanningsprogramma for elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag. I dei fleste av desse lærefaga må du gå opp til ein skriftleg eksamen før du kan avleggje fagprøva. Kva lærefag dette gjeld, går fram i omtalen av utdanningsprogramma og programområda.

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.