Fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet



På ungdomstrinnet kan du få tilbod om å ta fellesfag og programfag i vidaregåande opplæring som byggjer på fag i grunnskolen dersom du er kvalifisert for det.

Dersom dette er aktuelt for deg, vil du normalt få fritak frå gjenståande timar i tilsvarande fag i grunnskolen. Viss det ikkje blir frigitt tilstrekkeleg mange timar, kan du også bruke timane til valfag og inntil 60 % av faget utdanningsval (68 av 113 timar) til fag frå vidaregåande opplæring. Det kan også vere aktuelt å ta fag frå vidaregåande opplæring i tillegg til tilsvarande grunnskolefag. Korleis eit slikt tilbod blir organisert, blir bestemt av den enkelte skolen.

Sjølv om du blir friteken frå undervisning i fag du tek på forskot, skal du ha standpunktkarakter i grunnskolen, og du kan bli trekt ut til eksamen på 10. trinn. Men det er òg mogleg å avslutte eit grunnskolefag med standpunkt- og eventuelt eksamenskarakter tidlegare enn 10. trinn. I fag du tek frå vidaregåande opplæring skal du òg ha standpunktkarakter, og du kan bli trekt ut til eksamen.

Eit tilbod om å ta fag frå vidaregåande opplæring på forskot må vere eit samarbeid mellom grunnskole og vidaregåande skole. Ingen grunnskoleelevar har rett til eit slikt tilbod. Det er òg mogleg å ta fag frå vidaregåande opplæring som privatist medan du går på ungdomstrinnet.

Ver merksam på at du ikkje har noko krav på å få gå vidare med fag du har teke på ungdomstrinnet når du begynner på Vg1.

Frå hausten 2015 vil du som har teke fag frå vidaregåande nivå på ungdomstrinnet, kunne ta det same faget på nytt som elev i vidaregåande skole. 

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.