Fag- eller sveineprøve

Fag- eller sveineprøven blir avlagt når læretida er fullført, og seinest to månader etter at den er avslutta. Prøven tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen og består av fire delar:
  • Planlegging av arbeidet og grunngjeving for løysingane du har valt
  • Gjennomføring av eit fagleg arbeid
  • Vurdering av eige prøvearbeid
  • Dokumentasjon av eige prøvearbeid
Lengda på prøven framgår av læreplanen for faget.

Viss du ikkje består fag- eller sveineprøven, kan du gå opp til ny prøve. Lærebedrifta skal medverke til dette, men er ikkje pliktig til å forlengje lærekontrakten fram til andregongsprøve. Dersom både du og bedrifta er samde om det, kan læretida bli forlengja ved frivillig avtale.

Før du kan gå opp til fag- eller sveineprøven må du som hovudregel ha bestått alle fag på Vg1 og Vg2 som fører fram til lærefaget ditt. I særløpsfaga er det ikkje Vg2 i skole, så du må da følgje opplæring i både programfag og fellesfag i løpet av læretida, og du må ta nødvendige eksamenar før du kan gå opp til fag- eller sveineprøven.

I særskilte lærefag innan utdanningsprogramma for elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag må du gå opp til ein eigen eksamen på Vg3-nivå før fag- eller sveineprøven kan takast. Kva fag dette gjeld, framgår av læreplanane.

I forskrifta til opplæringslova er det fastsett nokre unntak frå kravet om bestått i inntil to fellesfag. Nærmare informasjon får du på skolen din.

Karakterane ved fag- og sveineprøvar er «Bestått mykje godt», «Bestått» og «Ikkje bestått».

Informasjon frå Møre og Romsdal

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.