Avtale mellom Vestland og Møre og Romsdal for søkarar med ungdomsrett

Informasjon frå Møre og Romsdal


Avtale om samarbeid mellom Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane) og Møre og Romsdal for søkarar frå Vanylven kommune og Hornindal kommune som har ungdomsrett.

Vanylven kommune

  • Søkarar frå Vanylven kan søke plass ved skolane i Nordfjord. Det gjeld Eid, Stryna, Måløy og Firda vidaregåande skole.
  • Søkarane vert prioriterte gjesteelevar og får ungdomsrett i Sogn og Fjordane/Vestland, og konkurrerer på linje med søkarar frå Sogn og Fjordane/Vestland.

Hornindal kommune

  • Frå 1.1.2020 går Hornindal kommune over til Møre og Romsdal fylke og blir del av Volda kommune.
  • Søkarar frå tidlegare Hornindal kommune kan frå og med skoleåret 2020/2021 søke plass ved skolane i Nordfjord. Det gjeld Eid, Stryna, Måløy og Firda vidaregåande skole.
  • Søkarane vert prioriterte gjesteelevar og får ungdomsrett i Sogn og Fjordane/Vestland, og konkurrerer på linje med søkarar frå Sogn og Fjordane/Vestland.

Søknad

  • Søkarane frå tidlegare Hornindal kommune og Vanylven kommune som søker på grunnlag av denne avtalen skal søke om skoleplass via Sogn og Fjordane/Vestland sin vigo.
  • Sogn og Fjordane/Vestland gir melding om inntak/venteplass.
  • Møre og Romsdal kunngjer tilbod og søknadsfrister på vilbli.no.