Alternative opplæringstilbod i fylket



Dei fleste fylkeskommunane har alternative opplæringstilbod i tilknyting til dei ordinære utdanningsprogramma og programområda. Det kan vere spesielt tilrettelagt opplæring for deg som har behov for det, eller spesielle tilbod for deg som har falle ut av vidaregåande opplæring.

Alternative opplæringstilbod kan for eksempel vere

  • tilbod som kombinerer skole og utplassering i arbeidslivet (som for eksempel praksisbrev).
  • tilbod med spesiell vekt på arbeids- og butrening innanfor forskjellige utdanningsprogram.
  • tilbod om førebuande år eller innføringsår som kombinerer fleire utdanningsprogram, osv.

På sidene med utdanningsprogramma og i informasjonen fra fylket ditt nedanfor finn du oversikt over kva for tilbod som blir gitt.

Informasjon frå Møre og Romsdal



Romsdal videregående skole avd. Fannefjord

Romsdal videregående skole avd. Fannefjord
Postadresse Fylkeshuset, 6404 Molde
Besøksadresse Julsundvegen 49 B, Molde
Telefon 71 28 30 00

 

Romsdal vgs avd. Fannefjord gir opplæring til ungdom med psykiske, sosiale og emosjonelle vanskar, og som på grunn av desse vanskane har eit skjermingsbehov.

Elevar som er i ferd med å falle ut av den ordinære videregående skolen på grunn av slike vanskar, kan i kortare eller lengre periodar vere elev ved Fannefjord. Sjå skolens heimeside og/eller ta kontakt med skolen for meir informasjon.

 

Generelt om særskilte tilretteleggingar 

Eit hovudmål for kompetanse- og næringsdirektøren i Møre og Romsdal er at alle dei videregående skolane skal vere førebudd på å ta imot og legge til rette for gode og tilfredsstillande undervisningstilbod for alle søkarar i videregående opplæring. Også for dei søkarane som har store hjelpebehov på grunn av fysiske og/eller psykiske utfordringar.

Alle elevar skal ha eit tilbod på ein videregående skole og ei opplæring innafor ramma til videregående opplæring sine utdanningsprogram. På den måten kan ein best sikre likeverdige tilbod uavhengig av kor ein bur i fylket, ha tilbod med høg kvalitet og relevans for elevane, slik at dei får ei opplæring dei kan gjere seg nytte av seinare i livet.

Gjennom utvikling av nye skolebygg, tilpassing og utbygging av lokale og kompetanseheving, har fylkeskommunen lukkast med å gi gode tilbod til elevar med samansette hjelpe- og opplæringsbehov. Alle dei videregående skolane i Møre og Romsdal kan no ivareta alle elevar i videregående opplæring.

Det er fritt skoleval i Møre og Romsdal, og det er eit grunnleggande prinsipp at alle søkarar også skal kunne velje fritt mellom dei utdanningsprogramma/programområda som finst i fylket. Eit val dei kan gjere ut frå interesse, eigne muligheiter og motivasjon. Det er i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ein finn flest mål elevane i denne elevgruppa kan gjere seg nytte av.

Med god kjennskap til skolane og dei ulike tilboda er det rådgivarar ved inntak i fylkeskommunen som saksbehandlar og gir tilbod om skoleplass.