Vis meny

Realkompetansevurdering

Realkompetanse er den kompetansen du har opparbeidd deg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeidsliv og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l. Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag, som kan vere både fellesfag og programfag. Men du kan ikkje få realkompetansevurdering som sluttvurdering i fag frå læreplanar for Vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram.

Godkjend realkompetanse i eit fag er likeverdig med bestått i faget. Godkjend realkompetanse skal dokumenterast med kompetansebevis, eventuelt med vitnemål.

Har du vaksenrett, er fylkeskommunen pliktig til å sørgje for at du får vurdert realkompetansen din, anten du søkjer vidaregåande opplæring eller ikkje. Siktemålet med vurderinga kan òg vere å komme ut i arbeid.

Er du vaksen utan rett til vidaregåande opplæring, har du krav på å få vurdert realkompetansen din dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten (NAV) viser deg til fylkeskommunen. Det er då tilvisande instans som skal dekkje utgiftene til vurderinga. Fylkeskommunen kan òg realkompetansevurdere andre vaksne, men kan då ta seg betalt for tenesta.

Opplæring organisert for vaksne skal tilpassast den realkompetansen kvar einskild har. Du skal altså få tilbod om vidaregåande opplæring frå det nivået du står på.

 

Informasjon frå Akershus

Realkompetansevurdering i Akershus

I Akershus er det voksenopplæringen ved et av de tre veiledningssentrene som har ansvar for realkompetansevurdering. For å bli realkompetansevurdert må du sende inn en søknad. Søknad om realkompetansevurdering fremmes elektronisk på www.vigo.no. Ta kontakt med voksenopplæringen ved veiledningsentret i din region ved behov for mer informasjon.