Hopp til innhald

Kvar kan du få vite meir om vidaregåande opplæring?

Her er ei oversikt over kvar du kan få meir informasjon om vidaregåande opplæring og om yrke.

Rådgjevaren kan informere

  • Rådgjevaren ved skolen din kan informere om strukturen i vidaregåande opplæring, dei ulike utdanningsprogramma og valmoglegheitene dine.
  • Rådgjevarar frå vidaregåande skolar besøkjer ofte skolar med elevar på ungdomstrinnet.

Utdannings- og yrkesmesser

  • Dersom du besøkjer utdannings- og yrkesmesser, kan du få mykje god informasjon.
  • Vidaregåande skolar inviterer ofte elevar på ungdomstrinnet med føresette til informasjonskveldar eller «open dag».

Erfaring frå ulike utdanningprogram

  • I løpet av ungdomsskolen skal du få praktisk erfaring frå utdanningsprogram i vidaregåande opplæring og arbeids- og yrkesliv gjennom faget utdanningsval.

Les om vidaregåande opplæring på vilbli.no

  • vilbli.no finn du all informasjon om vidaregåande opplæring og oversikt over kva for utdanningsprogram og programområde skolane tilbyr.
  • Du finn også oversikt over andre nyttige nettstader