Læreplan for rettslære

Læreplanen er hentet fra www.udir.no/lk20/RTL01-04
Fagrelevans og sentrale verdiar

Rettslære handlar om å forstå korleis rettsreglar bidreg til å byggje opp og vareta eit demokratisk samfunn. Faget skal bidra til at elevane får kompetanse om gjeldande rett og om kva rettar og plikter den enkelte har. I tillegg skal faget bidra til at elevane kan sjå ei sak frå fleire sider og komme med relevante argument. Dette er kompetanse som elevane vil få bruk for i vidare utdanning og i arbeidslivet.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget skal bidra til å fremje likeverd og likestilling i eit demokratisk samfunn der alle har like rettar, og der ein vernar om urfolk og minoritetar. Gjennom kunnskap om rettssikkerheit og sentrale rettsområde som vernar om det ukrenkjelege ved menneske, skal faget bidra til kritisk tenking og etisk medvit. Faget skal òg bidra til engasjement om dei rettslege sidene ved samfunnet og gi elevane kunnskapar og ferdigheiter til å delta i ivaretakinga av demokratiet i Noreg.


Kjerneelement

Juridisk refleksjon
Kjerneelementet juridisk refleksjon handlar om å skilje mellom rett og rettferd. Kjerneelementet handlar òg om å reflektere over samanhengen mellom rettsreglar og etikk. Vidare handlar juridisk refleksjon om å arbeide på ein undersøkjande og systematisk måte i møte med konkrete, praktiske og rettslege utfordringar.

Juridisk metode
Kjerneelementet juridisk metode handlar om å bruke rettsreglar og skilje rettsreglar frå andre normer og reglar i samfunnet. Juridisk metode er læra om kva rettskjelder som finst, og korleis ein går fram når ein bruker rettskjeldene for å løyse rettsspørsmål. Kjerneelementet handlar om å bruke prinsippa i rettskjeldelæra og juridisk oppgåveteknikk for å løyse rettslege spørsmål.

Rettsreglane i samfunnet
Kjerneelementet rettsreglane i samfunnet handlar om det rettslege forholdet mellom enkeltpersonar og mellom enkeltpersonar og statsmakt. Det handlar vidare om kunnskapar om rettskjeldene og om kva ferdigheiter ein treng for å kunne bruke gjeldande rett. I tillegg handlar det om å bli medviten om rettane og pliktene ein har som deltakarar i samfunnet.


Tverrfaglege tema

Demokrati og medborgarskap
I rettslære handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om rettsreglar som bidreg til å fremje demokratiet og dei demokratiske verdiane og spelereglane. Det handlar vidare om rettane og pliktene til enkeltpersonar og om korleis desse rettane og pliktene er ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Dessutan handlar det om samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i rettslære inneber å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale om rettslege forhold og problemstillingar. Det inneber òg å bruke juridisk metode og fagspråk i arbeid med rettslege emne og å byggje opp argumentasjon og tilpasse munnleg tekst til mottakar og formål. Munnlege ferdigheiter inneber i tillegg å bruke rettskjelder og andre kjelder på ein kritisk og etterprøvbar måte i munnleg samanheng.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i rettslære inneber å bruke varierte skrivestrategiar til å utforme tekstar og presentere rettslege løysingar og forhold i samfunnet. Det inneber òg å bruke fagspråk og juridisk metode i arbeid med juridiske problemstillingar og å byggje opp argumentasjon for å komme fram til rettsleg løysing. Det inneber òg å bruke rettskjelder og andre kjelder på ein kritisk og etterprøvbar måte. Dessutan inneber det å revidere egne tekster.

Å kunne lese
Å kunne lese i rettslære inneber å finne og kritisk vurdere eksplisitt og implisitt informasjon i tekstar om kjende og ukjende emne. Det inneber òg å systematisere informasjon i rettskjelder og andre kjelder for å trekkje faglege slutningar. Dessutan inneber det å kritisk vurdere perspektivet i og formålet med ulike kjelder.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i rettslære inneber å bruke digitale ressursar til å søkje etter og innhente informasjon og å kommunisere og presentere eige arbeid. Det inneber òg å vurdere, behandle og stille saman informasjon og å vise til rettskjelder og andre kjelder på ein etterprøvbar måte. Vidare inneber det å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering rettslære 1

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • reflektere over Noreg som rettsstat og vurdere maktfordeling, rettssikkerheit og legalitetsprinsippet i Noreg
  • utforske og drøfte kva funksjon rettsreglane har i samfunnet
  • utforske og bruke ulike rettskjelder for å løyse juridiske problemstillingar
  • identifisere partar, krav, rettsleg grunnlag og juridisk problemstilling, og gjennomføre juridisk drøfting for å komme fram til ein konklusjon
  • utforske prinsippet om barnets beste og bruke sentrale reglar i barnelova
  • bruke reglar om rettar og plikter mellom ektefellar og mellom sambuarar, og reglar som gjeld ved inngåing og oppløysing av ekteskap
  • gjere greie for reglane om uskifte og bruke reglar om arv etter lov og testament
  • gjere greie for rettar og plikter i arbeidslivet og bruke sentrale reglar om inngåing og avslutting av arbeidsforhold, varsling og trakassering
  • bruke sentrale reglar om likestilling og diskriminering i samfunnet
  • utforske grunnprinsippa i avtaleretten og forskjellen mellom ulike typar kjøp, og bruke sentrale reglar om pliktene og rettane til kjøparen og seljaren i samband med forbrukarkjøp og angrerett
  • utforske og drøfte dagsaktuelle eller rettshistoriske juridiske problemstillingar
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i rettslære 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker rettsreglane i samfunnet og juridisk metode til å løyse juridiske problemstillingar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse gjennom innsikt i og forståing av ulike rettslege forhold og kva juridisk refleksjon inneber i eit demokratisk samfunn.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte munnlege, skriftlege og digitale måtar å tileigne seg og vise kompetanse i faget på, og gjennom å motivere elevane til å utforske og være aktivt kunnskapssøkjande. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i rettslære 1, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i rettslære 1.

Kompetansemål og vurdering rettslære 2

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • utforske og drøfte skiljet mellom rett og rettferd i ein rettsstat
  • utforske og bruke ulike rettskjelder for å løyse juridiske problemstillingar
  • identifisere partar, krav, rettsleg grunnlag og juridisk problemstilling, og gjennomføre juridisk drøfting for å komme fram til ein konklusjon
  • utforske og drøfte dagsaktuelle juridiske problemstillingar eller rettsspørsmål
  • utforske demokratiet si stilling i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie, og gjere greie for grunnleggjande menneskerettar som varetek dette
  • utforske rettsforholdet mellom individ og offentleg forvaltning og bruke sentrale reglar om saksbehandling
  • bruke sentrale reglar om personvern og utforske juridiske problemstillingar som oppstår i samband med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi
  • bruke grunnleggjande vilkår til å vurdere spørsmål om erstatning
  • utforske reaksjonssystemet og bruke straffleggingsvilkåra til å vurdere straff etter rettsreglar om seksuallovbrot, valdslovbrot og vinningslovbrot
  • utforske og drøfte dagsaktuelle juridiske rettsspørsmål som gjeld varetaking av miljøet
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i rettslære 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker rettsreglane i samfunnet og juridisk metode til å løyse juridiske problemstillingar. Elevane viser og utviklar kompetanse gjennom innsikt i og forståing av ulike rettslege forhold og kva juridisk refleksjon inneber i eit demokratisk samfunn.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte munnlege, skriftlege og digitale måtar å tileigne seg og vise kompetanse i faget på, og gjennom å motivere elevane til å utforske og være aktivt kunnskapssøkjande. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i rettslære 2, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i rettslære 2.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

• Rettslære 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Rettslære 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

• Rettslære 1: Eleven kan trekkjast ut til ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
• Rettslære 2: Eleven kan trekkjast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg og munnleg eksamen skal ha førebuingsdel.

Eksamen for privatistar

• Rettslære 1: Privatisten skal opp til ein munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
• Rettslære 2: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Skriftleg eksamen skal ha førebuingsdel.


Rettslære 1 (Vg2/Vg3)

Timer 140


Rettslære 2 (Vg2/Vg3)

Timer 140