Læreplan for kunst og visuelle virkemidler

Læreplanen er hentet fra www.udir.no/lk20/KDA01-02
Fagrelevans og sentrale verdiar

Kunst og visuelle verkemiddel handlar om å setje seg inn i og forstå kunst, medium og visuelle uttrykk frå tidlegare tider og frå vår eiga samtid. Gjennom praktiske og skapande prosessar får elevane kunnskap om visuelt språk og bruk av visuelle verkemiddel. I faget får elevane arbeide med sine eigne uttrykk og ytringar, kritisk tenking og vurdering. Faget bidrar til at elevane utviklar engasjement, og til at dei deltek aktivt i kultur, samfunn og arbeidsliv.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kunst og visuelle verkemiddel skal bidra til at elevane utviklar skaparglede og utforskartrong gjennom at dei arbeider med estetiske uttrykksformer og tek del i anna praktisk og kreativt arbeid. Faget gir rom for meiningsbryting og demokratisk medverknad ved at elevane får arbeide skapande åleine eller saman med andre og reflektere over eigne inntrykk. Med kjennskap til måtar kunst kan undersøkje samfunnsaktuelle tema på, kan elevane øve opp evna til å oppleve og undre seg og til å sjå nye moglegheiter i kjende og ukjende situasjonar. Kunst og visuelle verkemiddel skal gi elevane grunnlag for å forstå verdien av berekraftig utvikling og for å akseptere kulturell variasjon og sosialt mangfald. Faget skal òg bidra til at elevane får innsikt i kulturuttrykka til det samiske urfolket. Gjennom arbeid med faget kan elevane utvikle mot, viljestyrke og dømmekraft knytt til etikk og verdiar.


Kjerneelement

Skapande prosessar
Kjerneelementet skapande prosessar handlar om praktisk arbeid der både kreative og analytiske metodar inngår. Det handlar om kunstnarisk praksis frå idé til presentasjon. Vidare handlar det om skapande prosessar og korleis kunst og visuelle uttrykk kan engasjere, stille spørsmål, auke toleranse og skape meining. Dessutan handlar det om prosessarbeid som kan ha både sjølvstendig verdi og resultere i eit individuelt eller felles uttrykk.

Visuelle verkemiddel
Kjerneelementet visuelle verkemiddel handlar om form, farge, materiale og teknikkar og utforsking av korleis desse kan brukast for å skape bestemte uttrykk. Å kunne forstå og bruke visuelt språk er relevant i møte med kunst og visuelle uttrykk og i det skapande arbeidet ein gjer sjølv. I faget inneber dette praktisk og teoretisk kunnskap om visuelle verkemiddel i ulike medium.

Teknikk og materiale
Kjerneelementet teknikk og materiale handlar om å tileigne seg kunnskap om og arbeide med varierte materiale, verktøy og teknikkar. Det handlar òg om å utforske og vurdere kvalitetar, medium, uttrykk og eigenskapar. Innføring i relevant programvare og digitale og manuelle verktøy er vesentleg. Ved val av materiale, teknikkar og arbeidsmetodar står berekraft og helse, miljø og sikkerheit sentralt.

Uttrykk og meining
Kjerneelementet uttrykk og meining handlar om korleis kunst og visuelle uttrykk kan kommunisere, skape meining og stille aktuelle spørsmål. Det omfattar òg kunnskap om korleis ein kan bruke visuelle verkemiddel til å uttrykkje eigne meiningar og skape respekt for ytringane til andre. Eit sentralt punkt er å kunne utforske og drøfte dei estetiske, kontekstuelle og innhaldsmessige sidene ved form- og biletuttrykka ein sjølv og andre skaper.

Kunst og kontekst
Kjerneelementet kunst og kontekst handlar om kunst og visuelt språk i eit historisk perspektiv og eit samtidsperspektiv både lokalt, nasjonalt og globalt. Kjerneelementet handlar òg om fagteori, bruk av fagomgrep og kjennskap til gjeldande regelverk for opphavsrett. Møte med kunst og kulturelt mangfald på ulike arenaer står sentralt. Kjerneelementet handlar vidare om kunst- og kulturhistorie og korleis visuelle uttrykk speglar og kommenterer utviklinga i samfunnet.


Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring
I kunst og visuelle verkemiddel handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om korleis visuelle uttrykk, visuelle medium og visuell kunst blir brukte for å uttrykkje kjensler, meiningar og idear. Når elevane får tolke og vurdere sine eigne og andre sine meiningar og visuelle ytringar, kan det bidra til å styrkje sjølvbiletet deira.

Demokrati og medborgarskap
I kunst og visuelle verkemiddel handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å bruke, forstå og respektere visuelle meiningsuttrykk på tvers av kulturelle, sosiale og individuelle forskjellar. Vidare handlar det om korleis kunst kan spegle, kritisere og setje søkjelys på aktuelle tema i samtida.

Berekraftig utvikling
I kunst og visuelle verkemiddel handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om det etiske ansvaret vi har for å ta vare på ressursar, naturen og miljøet. Vidare handlar det om å vurdere materialbruk, og velje berekraftige og formålstenlege løysingar.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne samtale om og formidle innhald og tankar knytte til idé og prosess. Det inneber òg å bruke fagspråk i presentasjonar og diskusjonar for å analysere, tolke, vurdere og uttale seg om kunstuttrykk og visuelle uttrykk. Vidare inneber det å kunne skildre opplevingar og meiningar og forsvare eigne val.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne kommunisere eigne idear og haldningar i ulike visuelle uttrykk. Det inneber òg å kunne visualisere informasjon og byggje opp tekstar ved hjelp av fagomgrep og visuelle verkemiddel. Vidare inneber det å kunne kombinere tekst, teikn, bilete og symbol i arbeid med layout og å utforme fagleg visuelt materiale.

Å kunne lese
Å kunne lese i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne forstå, undersøkje, bruke og reflektere over tekst og visuell informasjon. Vidare inneber det å kunne lese visuelle verkemiddel og kombinasjonar av former, strukturar, symbol, tekst og bilete.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne definere form, proporsjonar og volum og å kunne bruke dette i det praktiske arbeidet. Det inneber vidare å arbeide med komposisjon, skala, målestokk og geometri.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne bruke eigna programvare og teknologi til å produsere sjølvstendige kunstnariske arbeid, visualiseringar, presentasjonar og dokumentasjon. Det inneber òg å kunne innhente og sortere informasjon og handtere ein brukar- og delingskultur i digitale og sosiale medium. Vidare inneber det å vise dømmekraft og vere bevisst på reglar for opphavsrett og personvern.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering kunst og visuelle verkemiddel 1

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • utvikle idéar ved å bruke skapande og utforskande metodar
  • gjennomføre, dokumentere og presentere ein prosess frå ide til ferdig arbeid
  • utforske bruk av visuelle verkemiddel og vurdere uttrykk, verknadar og meining i eigne arbeid
  • kjenne til grunnleggjande form- og fargeteori og bruke det i to- og tredimensjonale uttrykk
  • teikne perspektiv og oppnå illusjon av rom ved bruk av ulike prinsipp og metodar
  • bruke ulike teikneteknikkar i førestillings- og observasjonsteikning og eksperimentere med forenkling og abstrahering
  • bruke varierte analoge og digitale verktøy, teknikkar og programvare i eigne arbeid
  • bruke verktøy, utstyr og materiale i tråd med gjeldande retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit
  • vurdere og skildre eit mangfald av samfunnsaktuelle tema og kunstuttrykk
  • gjere greie for særtrekk i vestleg kunst fram til 1600-talet og hente inspirasjon til eige arbeid
Undervegsvurderinga skal medverke til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande, praktiske prosessar utviklar og formidlar eigne to- og tredimensjonale uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer og vurderer ulike kunst, medium og visuelle uttrykk. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med uttrykk, meining, materiale og teknikk i skapande arbeid. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei hentar inspirasjon frå historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar. Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte oppgåver som fremmer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i kunst og visuelle verkemiddel 1, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit ulike oppgåver relatert til kunstfeltet og bruk av visuelle verkemiddel.

Kompetansemål og vurdering kunst og visuelle verkemiddel 2

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • gjennomføre og dokumentere ein kunstnarisk prosess og grunngje eigne tankar, idear og val
  • bruke stilisering, utsnitt, positive og negative former og utvikle sine eigne digitale komposisjonar
  • bruke kunnskap om form, proporsjonar og uttrykk i teikning av objekt og menneskekroppen
  • bruke ulike teknikkar i arbeid med harde, plastiske og mjuke materiale og vurdere kvalitet i sitt eige arbeid
  • reflektere over og vurdere haldbarheit, kvalitet og konsekvensar for miljøet i val og bruk av materiale, reiskapar og teknikkar
  • bruke kunnskap om visuelle verkemiddel for å synleggjere innhald og vurdere ein verknad eller tyding i digitalt og analogt arbeid
  • kjenne til grunnleggjande kommunikasjonsteori og gjere greie for samanheng mellom avsendar, bodskap og betraktar
  • prøve ut ulike måtar å presentere og stille ut kunstnariske arbeid på, åleine og saman med andre
  • utforske kunstverk frå samiske kunstnarar og drøfte korleis samisk identitet kjem til uttrykk i verka
  • gjere greie for ulike epokar, sentrale kunstverk og kunstnarar frå 1600- til 1900-talet som referanse i sitt eige arbeid
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande, praktiske prosesser utviklar og formidlar visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer, reflekterer over, vurderer og utforskar uttrykk, meining, teknikkar og materiale. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom innhald, uttrykk og kontekst i kunst, medium og visuelle uttrykk. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei viser til historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i eige arbeid og ved bruk av visuelle verkemiddel. Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte, oppgåver som fremmer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i kunst og visuelle verkemiddel, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit spekter av oppgåver relatert til kunstfeltet og bruk av visuelle verkemiddel.

Kompetansemål og vurdering kunst og visuelle verkemiddel 3

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • gjennomføre, dokumentere og presentere ein skapande prosess og vurdere vala frå idé til ferdig arbeid
  • kombinere tekst og bilete for å synleggjere ein bodskap og gje uttrykk for kjensle eller meining i eige skapande arbeid
  • analysere innhald, kontekst og uttrykk i kunst, medium og visuelle uttrykk, og presentere og formidle eigne og andre sitt arbeid
  • undersøkje og ta i bruk alternative stader for produksjon og visning av kunst og  vurdere kva konteksten har å seie
  • bruke teikning for å kommunisere haldningar, tankar og idear, og utforske teikning som sjølvstendig kunstform på analoge og digitale flater
  • bruke forenkling og abstraksjon av form i arbeid med to- og tredimensjonale uttrykk
  • eksperimentere med gjenbruk av materiale i skapande arbeid og reflektere over kvalitet og miljøbevisst ressursbruk
  • reflektere over og vurdere estetiske og etiske problemstillingar knytte til visuelle uttrykk, og følgje reglar for publisering og opphavsrett
  • gjere greie for bilet- og formuttrykk i si eiga samtid, og utforske og vise korleis samfunnsaktuelle tema og verdiar blir opplevde, belyste og kommenterte
  • gjere greie for sentrale stilartar, kunstnarar, verk og medium frå 1900-talet og samtida som referanse i sitt eige arbeid
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 3. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når de gjennom skapande, praktiske prosessar utviklar og formidlar visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei brukar fagspråk, presenterer, reflekterer over og vurderer kunst, medium og visuelle uttrykk. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og utforskar samanhengen mellom uttrykk, meining, materiale og teknikk i eige skapande arbeid. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei tar i bruk historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i eige arbeid og bruker visuelle verkemiddel på ein hensiktsmessig måte. Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte oppgåver som fremmer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om utviklinga deira i kunst og visuelle verkemiddel, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit bredt spekter av oppgåver relatert til kunst, medium og visuelle uttrykk og bruk av visuelle verkemiddel.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

Kunst og visuelle verkemiddel 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter. Kunst og visuelle verkemiddel 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter. Kunst og visuelle verkemiddel 3: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Kunst og visuelle verkemiddel 1: Eleven kan bli trekt ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel. Kunst og visuelle verkemiddel 2: Eleven kan bli trekt ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel. Kunst og visuelle verkemiddel 3: Eleven kan bli trekt ut til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Eksamen for privatistar

Kunst og visuelle verkemiddel 1: Privatisten skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen. Kunst og visuelle verkemiddel 2: Privatisten skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen. Kunst og visuelle verkemiddel 3: Privatisten skal opp til praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.