Læreplan for foto og grafikk
Læreplanen er hentet fra www.udir.no/lk20/KDA06-02
Foto og grafikk handlar om å utforske teknikkar, materiale og uttrykk i visuell kommunikasjon, og om korleis du tolkar og les den visuelle verda. Faget handlar vidare om å formidle innhald og meining gjennom fotografi, grafisk design og grafiske trykkjeteknikkar, og det skal gi elevane kompetanse til å produsere og tolke visuelle uttrykk i eit samfunn dominert av bilete. Vidare gir faget elevane kompetanse og erfaring i å arbeide utforskande og planmessig med både materiale og konsept for å bidra til idéskapande og kreative løysingar i samfunn og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Foto og grafikk skal bidra til å fremje menneskeverd og forståing for andre sine perspektiv og livssyn, og inspirere elevane til fagleg fridom og eigne uttrykk. Visuelle ytringar og biletretorikk er ein vesentleg del av demokrati og medverknad, og medvit om desse mekanismane er ein del av faget. Kreative og kunstnarlege arbeidsprosessar kan bidra til kritisk refleksjon og biletsensitivitet, skaparglede og engasjement gjennom utforsking av tema kring natur- og miljømedvit.
Kjerneelement
Skapande arbeid og visuelle verkemiddelKjerneelementet skapande arbeid og visuelle verkemiddel handlar om prosessen frå utvikling av idé og konsept gjennom skisser og estetiske tilnærmingar, til ferdig visuelt arbeid. Medvit om ulike teknikkar og verkemiddel, og det å knytte faglege grunngivingar til eige arbeid, står sentralt. Dette kjerneelementet handlar òg om dokumentasjon og formidling av eigen prosess og nytenking og idéutvikling gjennom kreative strategiar.
Teknikk, materialer og verktøy
Kjerneelementet teknikk, materiale og verktøy handlar om å utvikle handverk og tekniske ferdigheiter for å uttrykkje seg og eksperimentere analogt og digitalt i faget. Det inneber å utvikle tekniske ferdigheiter for uttrykk i ulike medium. I tillegg står innsikt i dei ulike moglegheitene, eigenskapane og avgrensingane til dei ulike materiala, saman med val av teknikk og produksjonsmåte, sentralt. Kjerneelementet handlar òg om å utvikle kjennskap til ulike verktøy og til dei tilhøyrande uttrykka deira.
Foto og grafikk i kontekst
Kjerneelementet foto og grafikk i kontekst handlar om å leggje til rette for openheit og undring i møtet mellom publikum og grafiske bilete. Det inneber å utvikle kritisk sans gjennom å stille spørsmål rundt bilete og retorikk. Vidare handlar det om presentasjon og publisering av eigne uttrykk, ulike former for iscenesetjing og visuelle forteljingar og bodskapar, analogt og digitalt.
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistringI foto og grafikk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å undersøkje identitet og eksistens i den kvardagen ein er ein del av. Vidare handlar det om å arbeide med å uttrykkje eigen identitet og utvikle meiningar, idear og kjensler. Det handlar òg om å problematisere den posisjonen bilete har i det private og det offentlege.
Demokrati og medborgarskap
I foto og grafikk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om kunnskap om ytringsfridom og om korleis bilete på eiga hand eller saman med tekst kan bidra til å fremje, problematisere og påverke aktuelle tema i samtida. Vidare inneber det å navigere blant ulike uttrykksformer og respektere usemje, der biletuttrykk er éin måte å sjå og forstå verda på.
Berekraftig utvikling
I foto og grafikk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om utforsking av og auka forståing av miljø- og samfunnsmessige problemstillingar gjennom visuelle ytringar. Det handlar òg om å være medviten om ressursbruk i eigen produksjon, og om å vurdere materiale, teknikkar og løysingar som ikkje skader miljøet.
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiterMunnlege ferdigheiter i foto og grafikk inneber å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å bruke fagspråk i arbeid i verkstad og studio, og å bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjonar om eige og andre sine arbeid
Å kunne skrive
Å kunne skrive i foto og grafikk inneber å bruke fagspråk for å utforme arbeid tilpassa mottakar og formål. Det inneber òg å bruke skrift, teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Vidare inneber det å utarbeide faglege tekstar for presentasjonar, og å bruke kjelder på ein kritisk måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i foto og grafikk inneber å tolke og reflektere over innhald, bodskap og verkemiddel i visuelle uttrykk. Det handlar òg om å sjå samanhengar mellom idé og uttrykk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i foto og grafikk inneber å tolke informasjon frå talmateriale, og å berekne proporsjonar og format i eigne arbeid, både under planlegging, arbeidsprosess og presentasjon.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i foto og grafikk inneber å bruke digitale ressursar til å søkje etter, innhente og behandle biletuttrykk, og å skape ulike visuelle uttrykk gjennom digitale flater og verktøy. Det handlar òg om å vere medviten om reglar for opphavsrett og personvern i ein brukar- og delingskultur i digitale og sosiale medium.
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering Foto og grafikk 1
- eksperimentere analogt og digitalt med biletmediet i ulike verktøy, og reflektere over resultatet
- gjere greie for bruk av visuelle verkemiddel i arbeid med foto og grafikk og bruke det i eige uttrykk
- utforske ulike stilretningar og etniske kulturuttrykk, og bruke dette som inspirasjon for eige arbeid
- utforske korleis ulike kamerainnstillingar påverkar estetikken, og nytte dei som verkemiddel i visuell historieforteljing
- presentere og montere eigne og andre sine arbeid i fysiske og digitale utstillingsrom
- bruke ny og etablert teknologi og programvare i skapande prosessar
- utforske ulike biletsjangrar og bruke erfaringa til å kommunisere stemning, bodskap og meining
- analysere komposisjon, skrift og layout i visuelle ytringar, og bruke dette i planlegging og utvikling av eige arbeid
- reflektere over reglar for kjeldebruk, opphavsrett og kreditering, og følgje desse i eige arbeid
- bruke materiale, verktøy og utstyr i tråd med retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit
Kompetansemål og vurdering Foto og grafikk 2
- fortelje ei historie analogt og digitalt gjennom å utforske potensialet i biletmediet og reflektere over resultatet
- utforske visuelle verkemiddel i arbeid med foto og grafiske uttrykk og reflektere over korleis verkemiddel er brukte
- eksperimentere med ulike fotografiske uttrykk i arbeid med visuell historieforteljing
- analysere arbeid frå ulike biletsjangrar, stilretningar og etniske grupper, og bruke element frå dette i eige arbeid
- eksperimentere med publisering og visningsrom i presentasjon av eige og andre sitt arbeid
- kombinere ulike teknologiar, programvarer og medium i utvikling av eige arbeid
- drøfte bruk av komposisjon, skrift og layout i visuelle ytringar og kommunisere stemning, ulike bodskapar og meining ved hjelp av ulike verkemiddel
- gjere greie for lov om opphavsrett, åndsverkslova og etiske omsyn rundt personvern og følgje dei i eige arbeid
- følgje retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit i arbeid med materiale, verktøy og utstyr
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Foto og grafikk 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Foto og grafikk 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Foto og grafikk 1: Eleven kan bli trekt ut til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Foto og grafikk 2: Eleven kan bli trekt ut til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Foto og grafikk 1: Privatisten skal opp til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Foto og grafikk 2: Privatisten skal opp til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Foto og grafikk 1 (Vg1/Vg2/Vg3)
Timer 140
Skoler som tilbyr foto og grafikk 1
Skolene tar forbehold om at fag settes i gang. Programfag kan velges hvis de passer inn i timeplanen og hvis kombinasjonen av fag oppfyller kravene til vitnemål.
Viken
Programområder med foto og grafikk 1
Valgfrie programfag
Kunst, design og arkitektur (Vg2) Kunst, design og arkitektur (Vg3)Faget kan også tas i disse programområdene, men det avhenger av skolens fagtilbud og timeplan:
Dans (Vg2) Dans (Vg3) Drama (Vg2) Drama (Vg3) Idrettsfag (Vg1) Idrettsfag (Vg2) Idrettsfag (Vg3) Medier og kommunikasjon (Vg2) Medier og kommunikasjon (Vg3) Musikk (Vg2) Musikk (Vg3) Musikk, dans og drama med dans (Vg1) Musikk, dans og drama med drama (Vg1) Musikk, dans og drama med musikk (Vg1) Naturbruk (studieforberedende) (Vg3) Realfag (Vg2) Realfag (Vg3) Språk, samfunnsfag og økonomi (Vg2) Språk, samfunnsfag og økonomi (Vg3)Foto og grafikk 2 (Vg1/Vg2/Vg3)
Timer 140
Skoler som tilbyr foto og grafikk 2
Skolene tar forbehold om at fag settes i gang. Programfag kan velges hvis de passer inn i timeplanen og hvis kombinasjonen av fag oppfyller kravene til vitnemål.