Vis meny

Læreplan for rettslære

Tilbake til oversikten
Se hele læreplanen på www.udir.no/kl06/RTL1-03

Formål

Lov og rett er ein av byggjesteinane i eit demokratisk samfunn. Kjennskap til lover og reglar er difor viktig både for den einskilde og for samfunnet. Lovverket i dag byggjer både på eldre norsk og europeisk rett. Lov og rett i Noreg heng òg saman med utviklinga i ei internasjonal verd. Rettslære skal gje innsikt i korleis det internasjonale rettssamfunnet fungerer.

Rettslære skal gje kunnskap om og forståing for rettsreglane slik dei er nedfelte i lover, føresegner og sedvanerett og syne korleis lovverket er ein del av kulturarven og det demokratiske systemet samfunnet er bygt på. Faget skal gje kunnskap om den rettslege stillinga den samiske folkegruppa har som urfolk i Noreg. Det skal òg gje innsikt i det internasjonale rettssystemet. Å utvikle kompetanse om korleis lover og reglar regulerer rettstilhøva mellom individ, mellom individ og samfunn og mellom statar, er sentralt i faget.

Rettslære skal utvikle evna til å tolke og bruke lovene både privat og i yrkeslivet og stimulere til refleksjon og kritisk tenking. Eitt føremål er å gjere eleven medviten om dei verdiane som er grunnleggjande i eit demokrati og fremje engasjement og interesse for å vere aktivt med i samfunnsutviklinga.

Rettslære skal bidra til at ein kan sjå ei sak frå fleire sider, skilje mellom rett og rettferd og reflektere over om lovene er juridisk og etisk gode. Opplæringa i faget skal vekkje interesse for juridiske spørsmål. Bruk av juridisk metode skal setje eleven betre i stand til å vurdere og løyse juridiske problem og konfliktar.

Å bruke rettsreglane vil seie å finne fram i lovverket, tolke det, utøve rettsleg skjønn og vurdere korleis rettsspørsmål kan avgjerast. Opplæringa i rettslære skal leggjast til rette slik at arbeidet med lærestoffet blir knytt til praktiske oppgåver, og slik at elevane får trening i å bruke rettsreglane for å løyse dei praktiske oppgåvene. Å kritisk kunne vurdere kjelder inngår i opplæringa.

Grunnleggende ferdigheter

Grunnleggjande dugleikar er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I rettslære forstår ein grunnleggjande dugleikar slik:

Munnlege ferdigheiter i rettslære inneber å drøfte juridiske problemstillingar, trekkje konklusjonar, formulere haldningar og diskutere etiske og politiske spørsmål som gjeld juss.

Å kunne skrive i rettslære inneber å løyse juridiske oppgåver og drøfte dei skriftleg. Det inneber å uttrykkje seg klart og presist når ein utarbeider juridiske saksframstillingar.

Å kunne lese i rettslære inneber å utvikle gode lesestrategiar for å setje seg inn i teori og andre rettskjelder og for å forstå innhaldet i ei juridisk oppgåve og sjå rettsspørsmåla. Det inneber òg å nytte lovsamling, oppslagsverk og statistisk materiale og halde seg orientert om juridiske tema i media.

Å kunne rekne i rettslære inneber å løyse oppgåver med utrekningar, til dømes i samband med arveoppgjer og deling av formue ved separasjon og skilsmisse.

Digitale ferdigheiter i rettslære inneber å finne relevante kjelder på Internett, meistre digital kjeldebruk, bruke tekstbehandling og lommereknar eller rekneark når ein løyser oppgåver. Det inneber òg å kunne bruke presentasjonsverktøy.

Rettslære 1

Timer

140

Trinn

Vg2 eller Vg3

Karakterer

Elevene skal ha standpunktkarakter.

Eksamen

Elevene kan trekkes ut til muntlig eksamen.

Hovedområder

Metodelære

Hovudområdet metodelære omfattar sentrale faglege omgrep, etikk og rettshistorie, lovtolking og juridisk metode som grunnlag for å løyse juridiske problemstillingar. Kjeldebruk og kjeldekritikk er ein del av hovudområdet.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for hovudprinsippa i juridisk metode
  • gjere greie for og skilje rettsreglar frå andre reglar i samfunnet
  • identifisere rettsspørsmål og bruke prinsippa i juridisk metode til å løyse dei
  • reflektere over dei etiske og historiske sidene ved rettsreglar
  • lage digitale presentasjonar av rettslege emne
  • innhente, vurdere og bruke rettskjelder på ein relevant måte som kan etterprøvast

Familierett

Hovudområdet familierett handlar om samlivsformer, med vekt på reglar om samliv og skilsmisse i ekteskapslova. Familierett omfattar reglane i barnelova om tilhøvet mellom foreldre og barn, reglane om rettar som barn har, reglane i verjemålslova om den rettslege handleevna til barn og FNs barnekonvensjon.

Målet er at eleven skal kunne:
  • bruke rettsreglar i samband med inngåing og oppløysing av ekteskap, registrert partnarskap og sambuarskap
  • bruke hovudreglane om råderett, underhaldsplikt og ansvar for gjeld i ekteskap, registrert partnarskap og sambuarskap
  • bruke hovudreglane om fordeling av verdiar og ting i buet i samband med oppløysing av ekteskap, registrert partnarskap og sambuarskap
  • bruke reglane i verjemålslova og barnelova om rettar og plikter for barn og foreldre og gjere greie for dei viktigaste føresegnene i barnekonvensjonen

Arverett

Hovudområdet arverett handlar om reglane i arvelova om arv etter lova og etter testament. Det handlar òg om samisk rettsoppfatning på dette området. Retten til uskifte og stillinga til sambuar og registrert partnar ved arveoppgjer høyrer òg med til dette hovudområdet.

Målet er at eleven skal kunne:
  • bruke hovudreglane om arv etter lova og etter testament og gjere greie for samisk rettsoppfatning i familie- og arverettslege spørsmål på dette området
  • bruke hovudreglane for uskifte
  • gjere greie for og drøfte den arverettslege stillinga til sambuarar
  • gjere greie for skilnaden mellom privat og offentleg skifte

Arbeidsrett og likestilling

Hovudområdet arbeidsrett og likestilling handlar om rettar og plikter som arbeidstakaren og arbeidsgjevaren har, med vekt på arbeidsmiljølova. Det omfattar òg dei sentrale reglane i samband med tilsetjing og oppseiing, ferielova, likestillingslova og diskrimineringslova.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for dei viktigaste rettane og pliktene som arbeidstakaren og arbeidsgjevaren har
  • løyse konfliktar i samband med tilsetjing, oppseiing og avskil
  • bruke sentrale reglar i likestillingslova og diskrimineringslova og analysere deira innverknad på samfunnet

Strafferett

Hovudområdet strafferett handlar om allmenne reglar i straffelova, vilkår for straff og spesielle reglar om tjuveri, underslag, nasking, lekamskrenking og drap. I tillegg handlar hovudområdet om vegtrafikklova. Reaksjonssystemet og kriminologi høyrer òg med i dette hovudområdet.

Målet er at eleven skal kunne:
  • drøfte årsaker til og konsekvensar av kriminalitet
  • gjere greie for reaksjonssystemet og grunnleggjande reglar om lovheimel som følgjer av norsk rett og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)
  • bruke reglane om allmenne vilkår for straff, medrekna reglane om forsøk og medverknad
  • bruke reglane om tjuveri, underslag og nasking
  • bruke reglane om lekamskrenking og drap
  • drøfte regelen om miljøkriminalitet i § 152b i straffelova
  • bruke reglane om promillekøyring og dei generelle straffeføresegnene i vegtrafikklova

Rettargangsordninga

Hovudområdet rettargangsordninga handlar om korleis rettstryggleiken er teken vare på gjennom domstolsordninga og dei viktigaste internasjonale domstolane.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for domstolsordninga, den uavhengige stillinga til domstolane og rolla til Konfliktrådet
  • gjere greie for gangen i ei sivil sak og ei straffesak
  • gjere greie for reglane om rettferdig rettargang som følgjer av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)
  • gjere greie for dei viktigaste nasjonale og internasjonale domstolane

Rettslære 2

Timer

140

Trinn

Vg2 eller Vg3

Karakterer

Elevene skal ha standpunktkarakter.

Eksamen

Elevene kan trekkes ut til skriftlig eller muntlig eksamen.

Hovedområder

Metodelære

Hovudområdet metodelære omfattar sentrale faglege omgrep, etikk og rettshistorie, lovtolking og juridisk metode som grunnlag for å løyse juridiske problemstillingar. Kjeldebruk og kjeldekritikk er ein del av hovudområdet.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for hovudprinsippa i juridisk metode
  • gjere greie for og skilje rettsreglar frå andre reglar i samfunnet
  • identifisere rettsspørsmål og bruke prinsippa i juridisk metode til å løyse dei
  • reflektere over dei etiske og historiske sidene ved rettsreglar
  • lage digitale presentasjonar av rettslege emne
  • innhente, vurdere og bruke rettskjelder på ein relevant måte som kan etterprøvast

Erstatningsrett

Hovudområdet erstatningsrett handlar om både lovfeste reglar (skadeserstatningslova og bilansvarslova) og ulovfeste reglar om subjektivt og objektivt ansvar i samband med skadar. Ansvaret til barn, foreldre og arbeidsgjevarar er eit sentralt tema.

Målet er at eleven skal kunne:
  • forklare innhaldet i dei fire grunnleggjande vilkåra for å få erstatning og vurdere om vilkåra er oppfylte
  • bruke reglane om det subjektive ansvaret og det ulovfeste objektive ansvaret
  • bruke reglane om ansvaret som barn og foreldre har
  • bruke reglane om arbeidsgjevaransvar
  • forklare innhaldet i bilansvaret og produktansvaret
  • presentere prinsippa for erstatningsutmålinga og forklare kva som kan føre til at erstatninga blir redusert eller fell heilt bort

Menneskerettar

Hovudområdet menneskerettar dreier seg om sentrale konvensjonar og traktatar om menneskerettar, mellom anna Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Hovudområdet handlar òg om reglane for personvern.

Målet er at eleven skal kunne:
  • forklare kva som ligg i omgrepet menneskerettar
  • gjere greie for reglane om trusfridom og ytringsfridom som følgjer av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)
  • gjere greie for rettigheitar for urfolk etter konvensjon om sivile og politiske rettigheitar art. 1 og 27 og etter ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar
  • gjere greie for grunnleggjande prinsipp for innsamling, lagring og behandling av personopplysningar
  • vurdere personverninteresser opp mot andre omsyn

Avtalerett

Hovudområdet avtalerett omfattar hovudprinsippa i avtaleretten, reglane om inngåing av avtalar, fullmaktslære, ugildskap og prinsippa for utfylling og tolking av avtalar.

Målet er at eleven skal kunne:

  • bruke dei grunnleggjande prinsippa i avtaleretten
  • bruke reglane om inngåing av avtalar, fullmakt og ugildskap
  • bruke prinsipp for tolking og utfylling av avtalar

Kjøpsrett og forbrukarrett

Hovudområdet kjøpsrett og forbrukarrett handlar om rettar og plikter som kjøparen og seljaren har etter kjøpslova, forbrukarkjøpslova og angrerettslova. Forbrukartvistlova og marknadsføringslova er og viktige tema.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for plikter som seljar og kjøpar har i forbrukarkjøp og private kjøp
  • vurdere om kjøpar eller seljar får medhald i krava sine ved kontraktbrot
  • bruke reglane i angrerettslova
  • gjere greie for saksgangen i forbrukartvistar
  • vurdere problemstillingar i samband med reglane i marknadsføringslova om forbrukarvern og likestilling, og gjere greie for korleis lova blir handheva

Forvaltingsrett

Hovudområdet forvaltingsrett dreier seg om korleis forvaltinga er organisert. Reglane i forvaltingslova om gildskap og saksbehandling er sentrale. Hovudområdet handlar òg om offentleglova og sentrale føresegner i miljøretten.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for kva eit forvaltingsorgan er, og kunne forklare kva eit forvaltingsvedtak er
  • bruke reglane i forvaltingslova om gildskap og reglane om saksbehandling i samband med einskildvedtak
  • gjere greie for hovudprinsippa for at domstolane kan prøve eit forvaltingsvedtak
  • gjere greie for dei rettane publikum har etter offentleglova
  • bruke dei generelle føresegnene om forureining i forureiningslova, reglane i miljøinformasjonslova og reglane om allemannsretten i friluftslova