Læreplan for medieteknikkfaget
Læreplanen er hentet fra https://www.udir.no/lk20/met03-01
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 medieteknikkfaget handlar om å handtere og distribuere audiovisuelt innhald ved å lage velfungerande og profesjonelle produksjonar og installasjonar innanfor film, tv, konferansar og kulturarrangement. Gjennom arbeid med faget skal lærlingane få forståing av medietekniske løysingar og korleis løysingane blir nytta innanfor ulike sektorar av næringsliv, utdanning og helse. Vg3 medieteknikkfaget bidreg til å utdanne ansvarsfulle fagarbeidarar som kan følgje lover, regelverk, retningslinjer og etikk i arbeidet sitt.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 medieteknikkfaget skal bidra til å utvikle profesjonelle yrkesutøvarar som produserer og driftar medietekniske løysingar. Gjennom at lærlingane får prøve ut og får innsikt i medieproduksjonar og audiovisuelle installasjonar, skal faget bidra til å utvikle løysingsorienterte og kreative yrkesutøvarar. Faget legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, sjølvstende og samarbeid med andre i og utanfor eiga bedrift og eige fagområde.
Kjerneelementet prosjekt og planlegging handlar om å planleggje, risikovurdere, budsjettere og dokumentere eit prosjekt. Vidare handlar det om å nytte relevante verktøy og metodar i planleggingsprosessen og å forstå kva konsekvensar eigne val har for prosjektet. Kjerneelementet handlar òg om å dokumentere prosessen undervegs og å reflektere over arbeidet etter at prosjektet er gjennomført.
Drift og utvikling
Kjerneelementet drift og utvikling handlar om å utvikle, drifte og forbetre medietekniske løysingar til bruk i produksjonar og installasjonar. Vidare handlar det om kunnskap om relevante løysingar og forståing av korleis den teknologiske utviklinga påverkar og endrar dagens løysingar.
Produksjon og teknologi
Kjerneelementet produksjon og teknologi handlar om det utøvande og praktiske arbeidet i medieproduksjonar, installasjonar og arrangement. Vidare handlar det om å planleggje og velje verktøy og tekniske løysingar som passar til arbeidsoppgåva, og å gjennomføre ein produksjon.
Informasjon og kommunikasjon
Kjerneelementet informasjon og kommunikasjon handlar om å velje kommunikasjonsform og tilpasse kommunikasjonen til ulike plattformer og ulike målgrupper. Vidare handlar det om å forstå betydninga og verdien av å kommunisere klart og tydeleg, både munnleg, skriftleg og audiovisuelt.
I vg3 medieteknikkfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om forståing av miljøavtrykket som følgjer med ein produksjon, og korleis dette kan reduserast gjennom kunnskap om grøn energi og straumsparande tiltak.
Munnlege ferdigheiter i vg3 medieteknikkfaget inneber å fremje og argumentere for eigne meiningar, val og løysingar. Vidare inneber det å bruke presis fagterminologi for å utveksle erfaringar med kollegaer. Det omfattar òg å reflektere over innspel frå oppdragsgivarar, brukarar og andre fagfolk.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 medieteknikkfaget inneber å formidle og presentere medietekniske løysingar til ulike mottakarar. Vidare inneber det å dokumentere arbeidsprosessen og beskrive og reflektere over eige arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 medieteknikkfaget inneber å forstå oppdragsbeskrivingar og retningslinjer. Vidare inneber det å samanlikne og systematisere informasjon i ulike fagbøker, manualar, databasar og andre faglege tekstar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 medieteknikkfaget inneber å analysere innhaldet i tekstar og tabellar og vurdere om resultatet er rimeleg. Vidare inneber det å lage budsjett, berekne tidsbruk, lage kostnadsoverslag og lage pristilbod.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 medieteknikkfaget inneber å velje digitale ressursar ut frå arbeidsforma og behovet til oppdragsgivaren. Vidare inneber det å bruke digitale verktøy til programmering, konfigurering og feilsøking.
Vg3 medieteknikkfaget handlar om å handtere og distribuere audiovisuelt innhald ved å lage velfungerande og profesjonelle produksjonar og installasjonar innanfor film, tv, konferansar og kulturarrangement. Gjennom arbeid med faget skal lærlingane få forståing av medietekniske løysingar og korleis løysingane blir nytta innanfor ulike sektorar av næringsliv, utdanning og helse. Vg3 medieteknikkfaget bidreg til å utdanne ansvarsfulle fagarbeidarar som kan følgje lover, regelverk, retningslinjer og etikk i arbeidet sitt.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 medieteknikkfaget skal bidra til å utvikle profesjonelle yrkesutøvarar som produserer og driftar medietekniske løysingar. Gjennom at lærlingane får prøve ut og får innsikt i medieproduksjonar og audiovisuelle installasjonar, skal faget bidra til å utvikle løysingsorienterte og kreative yrkesutøvarar. Faget legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, sjølvstende og samarbeid med andre i og utanfor eiga bedrift og eige fagområde.
Kjerneelement
Prosjekt og planleggingKjerneelementet prosjekt og planlegging handlar om å planleggje, risikovurdere, budsjettere og dokumentere eit prosjekt. Vidare handlar det om å nytte relevante verktøy og metodar i planleggingsprosessen og å forstå kva konsekvensar eigne val har for prosjektet. Kjerneelementet handlar òg om å dokumentere prosessen undervegs og å reflektere over arbeidet etter at prosjektet er gjennomført.
Drift og utvikling
Kjerneelementet drift og utvikling handlar om å utvikle, drifte og forbetre medietekniske løysingar til bruk i produksjonar og installasjonar. Vidare handlar det om kunnskap om relevante løysingar og forståing av korleis den teknologiske utviklinga påverkar og endrar dagens løysingar.
Produksjon og teknologi
Kjerneelementet produksjon og teknologi handlar om det utøvande og praktiske arbeidet i medieproduksjonar, installasjonar og arrangement. Vidare handlar det om å planleggje og velje verktøy og tekniske løysingar som passar til arbeidsoppgåva, og å gjennomføre ein produksjon.
Informasjon og kommunikasjon
Kjerneelementet informasjon og kommunikasjon handlar om å velje kommunikasjonsform og tilpasse kommunikasjonen til ulike plattformer og ulike målgrupper. Vidare handlar det om å forstå betydninga og verdien av å kommunisere klart og tydeleg, både munnleg, skriftleg og audiovisuelt.
Tverrfaglege tema
Berekraftig utviklingI vg3 medieteknikkfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om forståing av miljøavtrykket som følgjer med ein produksjon, og korleis dette kan reduserast gjennom kunnskap om grøn energi og straumsparande tiltak.
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiterMunnlege ferdigheiter i vg3 medieteknikkfaget inneber å fremje og argumentere for eigne meiningar, val og løysingar. Vidare inneber det å bruke presis fagterminologi for å utveksle erfaringar med kollegaer. Det omfattar òg å reflektere over innspel frå oppdragsgivarar, brukarar og andre fagfolk.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 medieteknikkfaget inneber å formidle og presentere medietekniske løysingar til ulike mottakarar. Vidare inneber det å dokumentere arbeidsprosessen og beskrive og reflektere over eige arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 medieteknikkfaget inneber å forstå oppdragsbeskrivingar og retningslinjer. Vidare inneber det å samanlikne og systematisere informasjon i ulike fagbøker, manualar, databasar og andre faglege tekstar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 medieteknikkfaget inneber å analysere innhaldet i tekstar og tabellar og vurdere om resultatet er rimeleg. Vidare inneber det å lage budsjett, berekne tidsbruk, lage kostnadsoverslag og lage pristilbod.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 medieteknikkfaget inneber å velje digitale ressursar ut frå arbeidsforma og behovet til oppdragsgivaren. Vidare inneber det å bruke digitale verktøy til programmering, konfigurering og feilsøking.
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering vg3 medieteknikkfaget
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- planleggje og gjennomføre ein teknisk produksjon frå idé til ferdig produkt på aktuelle plattformer
- velje, setje opp og bruke teknisk utstyr innanfor lyd-, lys- og biletproduksjon
- nytte programvare og utstyr for konfigurasjon av system og løysingar i tekniske produksjonar
- velje og nytte verktøy for informasjonsdistribusjon og mediepublisering på ulike plattformer tilpassa den aktuelle produksjonen
- drifte og halde ved like teknisk utstyr
- gjere greie for bruksområda til ulike filformat og filsystem og velje filformat og filsystem tilpassa den aktuelle produksjonen
- beskrive kostnadsstyringa i eit prosjekt og setje opp eit budsjett for eit prosjekt
- gjere greie for val av faglege løysingar i ein produksjon og presentere løysingane til aktørane i eit prosjekt
- utforske og analysere eksisterande system og føreslå og argumentere for tiltak til forbetring av systema
- vurdere og reflektere over pliktene og rettane til oppdragsgivaren og arbeidstakaren i arbeidet med oppdrag
- vurdere risiko og sikkerheit i eit prosjekt i samsvar med gjeldande regelverk, og reflektere over kva konsekvensar regelverket har for eige arbeid
- gjere greie for miljømessige konsekvensar ved ein produksjon og foreslå utbetringstiltak
- gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i lærebedrifta
Vurderingsordning
Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i vg3 medieteknikkfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på seks–åtte vyrkedagar.
Medieteknikkfaget (Vg3B)
Trinn Opplæring i bedrift / Vg3