Læreplan for mediedesignfaget

Læreplanen er hentet fra https://www.udir.no/lk20/mdf03-01
Fagrelevans og sentrale verdiar

Vg3 mediedesignfaget handlar om visuell kommunikasjon, design og produksjon av medierelaterte produkt, tenester og brukaropplevingar i digitale og fysiske rom. Faget bidreg til at lærlingane utviklar eit medvite formspråk og ein metodikk for å skape effektiv og visuell kommunikasjon gjennom å nytte verktøy, teknikkar, metodar og teknologi tilpassa ulike medium og kommunikasjonsflater. Faget rustar lærlingane til å bli kreative, sjølvstendige, teknologikyndige og samfunnsorienterte designarar. Vg3 mediedesignfaget førebur til aktiv deltaking innanfor eit fagfelt der arbeidslivet stiller store krav til endrings- og utviklingskompetanse.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 mediedesignfaget skal bidra til skaparglede, visuell kommunikasjon og kreativ bruk av teknologi. Gjennom å gi lærlingane høve til å gjere praktisk designarbeid skal faget bidra til at dei får kunnskap om og evner i kreative prosessar og kunnskap om etiske og juridiske sider ved design og publisering innanfor ulike typar medium.


Kjerneelement

Visuell kommunikasjon
Kjerneelementet visuell kommunikasjon handlar om medvite formspråk og visuelle verkemiddel retta mot definerte målgrupper i utforming av bodskapar og brukaropplevingar. Vidare handlar det om kreativitet, skaparglede og utforsking av det visuelle språket.

Idéarbeid og kreative prosesser
Kjerneelementet idéarbeid og kreative prosessar handlar om teknikkar og metodar for idéutvikling på eiga hand og i samarbeid med kollegaer og samarbeidspartnarar. Vidare handlar det om å utforske ulike vegar fram til ei løysing på eit problem.

Design og publisering
Kjerneelementet design og publisering handlar om å omsetje idear til ferdig design og publiseringsløysing innanfor eit budsjett, ein tidsfrist og ei bestilling frå ein oppdragsgivar. Vidare handlar det om lover og reglar ved design og publisering av produkt, tenester og opplevingar.

Medieteknologi og utforsking
Kjerneelementet medieteknologi og utforsking handlar om kunnskap om og forståing av korleis den teknologiske utviklinga innanfor medium og kommunikasjon påverkar bransjen og eige arbeid. Vidare handlar det om forståing av korleis val og bruk av teknologi påverkar bodskap, samhandling og brukaroppleving. Kjerneelementet handlar òg om teknologiske løysingar innanfor eigne designfelt og om å utforske teknologi som inspirasjon til nye uttrykk og arenaer for visuell kommunikasjon.


Tverrfaglege tema


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 mediedesignfaget inneber å kommunisere fagleg og bruke fagterminologi. Det inneber vidare å presentere strategiar, idear og designløysingar for ein oppdragsgivar. Det handlar òg om å lytte og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det omfattar vidare å bruke fagterminologi i kommunikasjon med andre og å reflektere over og drøfte moglege val og løysingar.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 mediedesignfaget inneber å kommunisere med kollegaer, samarbeidspartnarar, oppdragsgivarar og ulike målgrupper. Det handlar om å bruke fagterminologi og eit presist språk for ulike problemstillingar og for ulike mottakarar. Det omfattar òg å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar, og å rapportere og dokumentere arbeid.

Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 mediedesignfaget inneber å tolke og forstå skriftlege tekstar, symbol og bilete og å trekkje ut relevant informasjon. Det inneber òg å samanlikne, systematisere, vurdere og analysere informasjon og å utvise kjeldekritikk.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 mediedesignfaget inneber å berekne kostnader og tidsbruk ved ein produksjon, lage pristilbod og bruke fagspesifikke utrekningar i gjennomføringa av arbeidet.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 mediedesignfaget inneber å bruke digitale verktøy, teknikkar og kommunikasjonsflater i planlegging, utforming og publisering av design.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering vg3 mediedesignfaget

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • utvikle, tilpasse og produsere design til ulike medieflater, format, funksjonar og målgrupper
  • designe og produsere grafikk, presentasjonar og visuelle framstillingar
  • velje og bruke verktøy, metodar og teknologi i eige arbeid
  • nytte ulike teknikkar og visuelle verkemiddel i design av produkt og brukaropplevingar
  • utforske og nytte metodar for design, inspirasjon og idéutvikling, og vurdere og argumentere for val av metodar
  • vurdere eige arbeid og eiga rolle i prosjektarbeid og reflektere over korleis ein kan utvikle seg som prosjektmedarbeidar
  • planleggje og budsjettere ein designproduksjon innanfor gitte rammer for tids- og ressursbruk
  • nytte relevant fagterminologi i planlegging, gjennomføring og presentasjon av eige arbeid
  • bruke gjeldande reglar, lovverk og retningslinjer for produksjon, publisering og oppbevaring av medieprodukt, og reflektere over konsekvensane dersom regelverket ikkje blir følgt
  • bruke ulike metodar og verktøy for feilsøking i eige arbeid
  • vurdere kor truverdige og relevante ulike kjelder er, i samband med innhenting og publisering av materiale
  • gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i lærebedrifta
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 mediedesignfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 mediedesignfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.

Vurderingsordning

Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.

Opplæringa i vg3 mediedesignfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på seks–åtte vyrkedagar.