Læreplan for samfunnskunnskap

Læreplanen er hentet fra www.udir.no/lk20/sak01-01
Fagrelevans og sentrale verdiar

Samfunnskunnskap er eit sentralt fag for at elevane skal utvikle seg som engasjerte og kritisk tenkjande deltakarar i samfunnet. I samfunnskunnskap skal elevane få drøfte og reflektere i fellesskap og vise respekt for meiningsmangfald. Faget skal bidra til at elevane forstår kva som påverkar identitet og sjølvkjensle, og gi dei høve til å utforske lokalsamfunnet dei lever i, og nasjonale og globale forhald og problemstillingar. Slik skal samfunnskunnskap bidra til å styrkje elevane si forståing av samfunnet dei lever i, og korleis samfunnet formar dei som menneske. Elevane skal forstå at dei kan bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling gjennom å vere aktive medborgarar, og påverke samfunn og arbeidsliv no og i framtida.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Samfunnskunnskap skal bidra til at elevane blir aktive medborgarar som vidareutviklar kompetansen sin om grunnleggjande demokratiske verdiar som medråderett, likestilling, ytringsfridom og respekt for menneskerettane. Faget skal fremje kompetansen deira i samfunnskritisk tenking, digital dømmekraft, utforsking og etisk medvit, og bidra til at dei forstår at andre kan ha eit anna verdigrunnlag og ein annan ståstad enn dei har sjølve. Faget skal gi elevane innsikt i norske og samiske verdiar og kulturuttrykk.


Kjerneelement

Undring og utforsking
Elevane skal kunne undre seg og reflektere over, og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Dei skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og ‑skapande saman med andre. Elevane skal innhente og bruke informasjon frå fleire og ulike typar kjelder for å ta opp forhold i samfunnet og deira eige liv. Dei skal kunne gjere ei kritisk vurdering av kjeldene med tanke på formål, tendens og kor pålitelege og relevante dei er.

Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
Elevane skal kunne vurdere samanhengar i samfunnet ut frå forskjellige perspektiv. Dei skal kunne stille spørsmål til korleis makt er organisert, og korleis makt verkar. Dei skal òg utvikle kulturforståing og kunne forstå kvifor menneske tek andre val enn dei sjølve.

Medborgarskap og berekraftig utvikling
Elevane skal kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Medborgarskap og berekraftig utvikling handlar om demokratisk medborgarskap, samfunnsdimensjonen av berekraftig utvikling og korleis menneske samarbeider, organiserer seg og tek avgjerder i samfunnet. Dette inneber òg at elevane skal få handlingskompetanse til å medverke i demokratiske prosessar og samfunnsforming. Sentralt innhald skal sjåast i lys av det lokale til det globale, og urfolk og minoritetar sitt perspektiv.

Identitet og livsmeistring
Elevane skal forstå korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane få ei forståing av kven dei er, og korleis dei kan meistre eigne liv.


Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane utviklar kunnskap om kva og kven som påverkar identiteten, sjølvkjensla, tryggleiken og tilhøyrsla deira. I faget møter elevane tema som kjønn, seksualitet, grensesetjing, rus, digitale spor og personleg økonomi. Dette kan bidra til at dei gjer gode livsval og får forståing og respekt for mangfald og for andre sine verdiar og livsval.

Demokrati og medborgarskap
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å auke det kritiske medvitet om samfunnet som elevane er deltakarar i. Elevane skal utforske korleis dei kan påverke samfunnet rundt seg i dag og i framtida. Det inneber at dei skal lytte til og la seg utfordre av menneske med andre synspunkt enn dei sjølve har. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet blir utfordra, til dømes i samband med menneskehandel og undertrykking. I tillegg skal faget gi dei kunnskap om nasjonale og internasjonale institusjonar og avtalar, inkludert kva internasjonale konvensjonar har å seie for rettigheiter til urfolk. Forståing om samanhengane mellom rettane og pliktene til individet, slik at dei kan bli aktive medborgarar, inngår også i dette.

Berekraftig utvikling
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis elevane kan bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling gjennom å vere aktive medborgarar. Dette inneber å forstå samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensene i naturen. Vidare skal elevane reflektere over korleis politikk, konfliktar, økonomi, teknologi og ressursbruk verkar saman og påverkar grupper i samfunnet. Berekraftige løysingar inneber òg å ta vare på verdiar som likeverd og mangfald.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i samfunnskunnskap inneber å kunne formulere og fremje eigne meiningar og argument. Å lytte til, vurdere, gi respons på og vidareutvikle innspel frå andre bidreg til større forståing og respekt for meiningsmangfald. Elevane utviklar munnlege ferdigheiter i samfunnskunnskap når dei drøftar, reflekterer og presenterer åleine og i fellesskap. Gjennom å delta i munnlege aktivitetar kan elevane setje ord på sin eigen læreprosess og kompetanse i faget.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i samfunnskunnskap inneber å strukturere tankar og å utforme og arbeide med tekstar som er tilpassa formålet. Det inneber òg å drøfte, dele og formidle informasjon skriftleg med digitale verktøy. Elevane tileignar seg fagkompetanse ved å skrive tekstar der dei bruker fagomgrep, faglege metodar og ulike perspektiv og kjelder.

Å kunne lese
Å kunne lese i samfunnskunnskap inneberer å utforske, tolke, samanlikne informasjon og kritisk vurdere forskjellige kjelder. Vidare inneber det å bruke varierte kjelder for å setje seg inn i faglege og dagsaktuelle tema. Lesing i samfunnskunnskap handlar òg om å reflektere over korleis tekstar med forskjellige perspektiv kan uttrykke ulike tenkjemåtar og argument.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i samfunnskunnskap er å innhente, arbeide med, tolke og analysere data og vurdere informasjon og statistikk som er framstilt i tabellar og grafar. Ved å rekne i samfunnskunnskap kan elevane betre forstå og finne argument for faglege forhold og samanhengar. Elevane må òg kunne rekne for å forvalte pengebruk og få oversikt over personleg økonomi.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i samfunnskunnskap inneber å kunne bruke digitale verktøy til å finne, behandle og navigere i digitale kjelder og å velje ut informasjon og argument. Det inneber òg å kunne utøve digital kjeldekritikk og vise til kjelder på ein påliteleg måte. Elevane skal kunne bruke forskjellige medietypar til å skape digitale produkt og til å vurdere og forbetre sine eigne produkt. Dei skal kunne forstå korleis algoritmar påverkar informasjonssøk, utvikle digital dømmekraft og følgje reglar og normer for digital samhandling og kommunikasjon, personvern og opphavsrett.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
  • utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar
  • gjere greie for sosialisering og drøfte korleis identiteten og sjølvkjensla til ungdom blir påverka gjennom sosialisering
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
  • reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp
  • reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
  • innhente informasjon om forskjellige former for sosial ulikskap i Noreg og drøfte samanhengen mellom ulikskap og utanforskap
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i kulturuttrykk, identitet og levesett innanfor og mellom majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie
  • utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor
  • utforske og drøfte korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
  • reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
  • vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
  • gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
  • vurdere årsaker til og tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og drøfte grensene for ytringsfridommen
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i samfunnskunnskap når dei reflekterer over forhold i samfunnet og kritisk vurderer og diskuterer ulike samanhengar og perspektiv. Elevane viser og utviklar kompetanse gjennom å bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar til å undersøkje og vurdere problemstillingar i samfunnet. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei reflekterer over seg sjølve som ein del av samfunnet dei lever i, kva som har forma dei som menneske, og korleis dei kan påverke eige og andre sitt liv i dag og i framtida. Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege og praktiske måtar å tileigne seg og vise kompetanse i faget på, og gjennom å la elevane få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i samfunnskunnskap. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i samfunnskunnskap.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

• Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og for medier og kommunikasjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

• Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering: Eleven kan trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
• Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og for medier og kommunikasjon: Eleven kan trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
• Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven kan trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

• Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering: Privatisten skal opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
• Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og for medier og kommunikasjon: Privatisten skal opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen. • Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Privatisten skal opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.


Samfunnskunnskap (Vg1/Vg2)

Timer 84

Programområder med samfunnskunnskap

Fellesfag
Aktivitør (Vg2, 84 timer) Akvakultur (Vg2, 84 timer) Ambulansefag (Vg2, 84 timer) Anleggsgartner (Vg2, 84 timer) Anleggsteknikk (Vg2, 84 timer) Arbeidsmaskiner (Vg2, 84 timer) Automatisering (Vg2, 84 timer) Baker og konditor (Vg2, 84 timer) Barne- og ungdomsarbeiderfag (Vg2, 84 timer) Betong og mur (Vg2, 84 timer) Bilskade, lakk og karosseri (Vg2, 84 timer) Blomsterdekoratør (Vg2, 84 timer) Brønnteknikk (Vg2, 84 timer) Børsemaker (Vg2, 84 timer) Båtbygger (Vg2, 84 timer) Dans (Vg2, 84 timer) Datateknologi og elektronikk (Vg2, 84 timer) Drama (Vg2, 84 timer) Drone (Vg2, 84 timer) Duodji (Vg2, 84 timer) Elenergi og ekom (Vg2, 84 timer) Fiske og fangst (Vg2, 84 timer) Flyfag (Vg2, 84 timer) Fotterapi og ortopediteknikk (Vg2, 84 timer) Frisør (Vg2, 84 timer) Gull- og sølvsmedhåndverk (Vg2, 84 timer) Helsearbeiderfag (Vg2, 84 timer) Helseservicefag (Vg2, 84 timer) Heste- og dyrefag (Vg2, 84 timer) Hudpleie (Vg2, 84 timer) Idrettsfag (Vg2, 84 timer) Industriteknologi (Vg2, 84 timer) Informasjonsteknologi (Vg2, 84 timer) Interiør og eksponeringsdesign (Vg2, 84 timer) Kjemiprosess- og laboratoriefag (Vg2, 84 timer) Kjøretøy (Vg2, 84 timer) Klima, energi og miljøteknikk (Vg2, 84 timer) Kokk- og servitørfag (Vg2, 84 timer) Kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk (Vg2, 84 timer) Kunst, design og arkitektur (Vg2, 84 timer) Landbruk og gartnernæring (Vg2, 84 timer) Landbruk og gartnernæring, økologisk (Vg2, 84 timer) Maritime fag (Vg2, 84 timer) Matproduksjon (Vg2, 84 timer) Medieproduksjon (Vg2, 84 timer) Medier og kommunikasjon (Vg2, 84 timer) Musikk (Vg2, 84 timer) Overflateteknikk (Vg2, 84 timer) Reindrift (Vg2, 84 timer) Rørlegger (Vg2, 84 timer) Salg og reiseliv (Vg2, 84 timer) Service, sikkerhet og administrasjon (Vg2, 84 timer) Skogbruk (Vg2, 84 timer) Smed (Vg2, 84 timer) Studiespesialisering (Vg1, 84 timer) Søm og tekstilhåndverk (Vg2, 84 timer) Transport og logistikk (Vg2, 84 timer) Trearbeid (Vg2, 84 timer) Treteknikk (Vg2, 84 timer) Tømrer (Vg2, 84 timer) Urmaker (Vg2, 84 timer)