Læreplan for kroppsøving

Læreplanen er hentet fra www.udir.no/lk20/kro01-05
Fagrelevans og sentrale verdiar

Kroppsøving er eit sentralt fag for å stimulere til livslang bevegelsesglede og til ein fysisk aktiv livsstil ut frå eigne føresetnader. Faget skal bidra til at elevane lærer, sansar, opplever og skaper med kroppen. Gjennom bevegelsesaktivitet og naturferdsel saman med andre fremjer kroppsøving samarbeid, forståing og respekt for kvarandre. Faget skal bidra til at elevane utvikler kompetanse om trening, livsstil og helse og erfarer kva eigen innsats har å seie for å oppnå mål. Innsatsen til elevane er derfor ein del av kompetansen i kroppsøving. Faget skal motivere elevane til å halde ved like ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kroppsøving skal bidra til å gi elevane høve til å praktisere og reflektere over samspel, medverknad, likestilling og likeverd. I kroppsøving skal elevane løyse utfordringar og oppgåver i eit mangfaldig læringsfellesskap. Faget skal òg utfordre motet deira til å tøye eigne grenser. Leik, friluftsliv, dans, symjing, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar er ein del av den felles danninga og identitetsskapinga i samfunnet. Kroppsøving tek vare på tradisjonell bevegelsesaktivitet i samfunnet, men stimulerer òg til eksperimentering og kreativ utfalding i alternative bevegelsesformer. Kroppsøving fremjar kritisk tenking omkring kroppsideal som kan påverke sjølvkjensle, helse, trening og livsstil. Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.


Kjerneelement

Bevegelse og kroppsleg læring
Elevane skal bli kjende med å vere i bevegelse åleine og saman med andre ut frå eigne interesser, intensjonar og føresetnader. Elevane utforskar eigen identitet og eige sjølvbilete, og reflekterer over og tenkjer kritisk om samanhengane mellom bevegelse, kropp, trening og helse. Kroppsøving gir rom for kroppsleg læring gjennom leik og øving i friluftsliv, dans, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar. Kroppsleg læring handlar om allsidig motorisk læring, utvikling av kroppsmedvit og stimulering til bevegelsesglede.

Deltaking og samspel i bevegelsesaktivitetar
Elevane skal løyse utfordringar og oppgåver i eit læringsfellesskap og kunne reflektere over samspel, samhandling og likeverd. I mange bevegelsesaktivitetar er deltaking, medverknad og samarbeid nødvendig for å fremje læring hos seg sjølv og andre. Det inneber å anerkjenne ulikskap og inkludere alle, uavhengig av føresetnader.

Uteaktivitetar og naturferdsel
Elevane skal bruke nærområdet og utforske naturen gjennom varierte uteaktivitetar under vekslande årstider. Naturopplevingar og trygg og berekraftig ferdsel er sentralt. I kroppsøving skal elevane få oppleve ulike kulturar innanfor friluftsliv, inkludert aktivitetar knytte til samisk kultur.


Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å fremje god psykisk og fysisk helse og gi elevane verktøy til å ta ansvarlege livsval. Faget skal fremje eit positivt sjølvbilete som kan gi elevane ein trygg identitet. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om ulike perspektiv på bevegelsesaktivitetar og helse. Elevane skal òg lære å forvalte helse som ressurs på ein måte som gagnar den enkelte, og lære å ta val som er gode for eiga og andre si helse gjennom livet.

Demokrati og medborgarskap
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å fremje evne til samspel i aktivitetar og refleksjon over kva eiga deltaking og eigen innsats inneber for samspel og læring i faget. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om og forståing av demokratiske verdiar og spelereglar gjennom medverknad og medansvar i deltaking og samarbeid. Faget skal òg gi rom for å øve opp kritisk tenking og lære å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje.

Berekraftig utvikling
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om naturopplevingar med vekt på trygg og berekraftig ferdsel. Faget skal medverke til forståing for at vala den enkelte gjer, har betydning og konsekvensar for berekraftig utvikling og vern av livet på jorda både lokalt, regionalt og globalt.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i kroppsøving er å kunne lytte og kommunisere i bevegelsesaktivitetar, og å kunne forklare og uttrykkje eigne erfaringar og refleksjonar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i kroppsøving går frå språkleg utforsking i bevegelseserfaringar til vidare refleksjon og drøfting rundt sentralt innhald i faget.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i kroppsøving er å planleggje, gi uttrykk for og vurdere eiga utvikling i faget. Det inneberer òg å utforme eigne treningsplanar. Utviklinga av skriveferdigheiter i kroppsøving går frå å bruke teikningar, bilete, figurar og planar til å kunne skrive meir fagspesifikke tekstar og illustrasjonar.

Å kunne lese
Å kunne lese i kroppsøving er å finne, tolke og kritisk vurdere ulike former for tekstar og informasjon og å søkje kunnskap som er nødvendig for å utvikle kompetanse i faget. Utviklinga av leseferdigheiter i kroppsøving går frå å hente inn og reflektere over informasjon frå enkle instruksjonar, kart og tekstar til å kunne lese meir samansette og fagspesifikke tekstar, kart og bilete.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i kroppsøving er å bruke matematiske uttrykk for å planleggje, gjennomføre og reflektere over ulike forhold i mangfaldet av bevegelsesaktivitetar innanfor faget. Utviklinga av rekneferdigheiter i kroppsøving går frå å erfare avstand, aktivitetar, spel og leik til gjennom aukande kompleksitet, å kunne relatere bevegelsesaktivitetar til omgrep som vekt, fart, kraft, tid og mengd.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i kroppsøving er å kunne bruke digitale ressursar til å utforske, vere skapande og løyse praktiske utfordringar i faget. Det inneber òg å bruke digitale ressursar bevisst og kritisk til å utvikle ein trygg identitet, kroppsmedvit og eit positivt sjølvbilete. Utviklinga av digitale ferdigheiter i kroppsøving går frå å kunne følgje reglar for digital samhandling og personvern til å planleggje og vurdere eigentrening ved hjelp av digitale ressursar.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering Vg1

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • trene på og skape nye variantar av leik, bevegelsesaktivitet og dans saman med andre
  • planleggje og gjennomføre metodar for øving og trening for å oppnå individuelle mål, òg når ein ikkje fullt ut kan delta i aktiviteten
  • bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og bidra til å gjere andre gode i aktivitet og samspel
  • førebyggje skadar ved bevegelsesaktivitetar og utføre grunnleggjande førstehjelp
  • bruke kart og digitale verktøy på ein måte som sikrar trygg ferdsel for seg sjølv og for andre
  • bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen under vekslande årstider
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på Vg1 ved å øve og trene for å oppnå individuelle mål og utvikle bevegelsesaktivitetar, og ved å utforske leik og spel saman med andre. Vidare viser elevane kompetanse når dei bruker eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og gjere andre gode i aktivitet og samspel. Elevane viser òg kompetanse ved å bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen.I kroppsøving er samspel med andre, øving og deltaking i ulike bevegelsesaktivitetar og naturferdsel vesentlege trekk ved kompetansen i faget. Innsatsen til elevane er ein del av kompetansen i kroppsøving. Innsats i kroppsøving inneber at eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, viser sjølvstende, utfordrar sin eigen fysiske kapasitet og samarbeider med andre.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre og gjennom at dei får vurdere eige arbeid i kroppsøving. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, leik og spel saman med andre, førstehjelp, uteaktivitet og friluftsliv.

Kompetansemål og vurdering Vg2

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar og forstå korleis ulike aktivitetar påverkar og utviklar koordinasjon, styrke, uthald og bevegelegheit
  • utføre trening på eiga hand og reflektere over korleis fysisk aktivitet kan fremje god psykisk og fysisk helse og bidra til ein helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv
  • praktisere reglar for å delta i ulike bevegelsesaktivitetar og medverke til læring for andre
  • planleggje og gjennomføre uteaktivitetar til ulike årstider, der formålet er å ha gode naturopplevingar
  • praktisere berekraftig ferdsel i naturen og kunne gjennomføre friluftsliv i nærområdet
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på Vg2 ved å delta og lære i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, ved å trene på eiga hand, ved å medverke til læring for andre og gjennom berekraftig ferdsel i naturen og sjølvstende i friluftsliv.I kroppsøving er samspel med andre, øving og deltaking i ulike bevegelsesaktivitetar og naturferdsel vesentlege trekk ved kompetansen i faget. Innsatsen til elevane er ein del av kompetansen i kroppsøving. Innsats i kroppsøving inneber at eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, viser sjølvstende, utfordrar sin eigen fysiske kapasitet og samarbeider med andre.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre og gjennom at dei får vurdere eige arbeid i kroppsøving. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, eigentrening, deltaking og samspel, i uteaktivitet og friluftsliv.

Kompetansemål og vurdering Vg3

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • øve på og utvikle kunnskapar og ferdigheiter i ulike bevegelsesaktivitetar ut frå eigne føresetnader
  • planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening og forklare korleis dette kan medverke til ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang
  • beskrive og drøfte samanhengar mellom bevegelse, kropp, trening og helse i samfunnet
  • samarbeide om å løyse praktiske oppgåver i eit læringsfellesskap og ut frå øving og aktivitet reflektere over korleis eigen medverknad kan påverke andre
  • planleggje og gjennomføre uteaktivitetar og friluftsliv i nærområdet
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på Vg3 ved å øve på og å utvikle kunnskapar og ferdigheiter i varierte bevegelsesaktivitetar og ved å samarbeide om å løyse praktiske oppgåver i eit læringsfellesskap. Elevane viser òg kompetanse gjennom å planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening, uteaktivitetar og friluftsliv i nærområdet. I kroppsøving er samspel med andre, øving og deltaking i ulike bevegelsesaktivitetar og naturferdsel vesentlege trekk ved kompetansen i faget. Innsatsen til elevane er ein del av kompetansen i kroppsøving. Innsats i kroppsøving inneber at eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, viser sjølvstende, utfordrar sin eigen fysiske kapasitet og samarbeider med andre.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre, og gjennom at dei får vurdere eige arbeid i kroppsøving. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, i trening i samanheng med livsstil og helse, samarbeid og samspel med andre, og i uteaktivitet og friluftsliv i nærområdet.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

• Vg1 særløp i yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg3 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i skule: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg3 påbygging til generell studiekompetanse: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Når faget går over fleire år, skal elevane få standpunktvurdering berre på det øvste nivået i faget.

Eksamen for elevar

Eleven har ikkje eksamen

Eksamen for privatistar

• Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
• Vg3 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i skule: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.



Kroppsøving (Vg2)

Timer 56

Trinn Vg2

Programområder med kroppsøving

Fellesfag
Aktivitør (Vg2, 56 timer) Akvakultur (Vg2, 56 timer) Ambulansefag (Vg2, 56 timer) Anleggsgartner (Vg2, 56 timer) Anleggsteknikk (Vg2, 56 timer) Arbeidsmaskiner (Vg2, 56 timer) Automatisering (Vg2, 56 timer) Baker og konditor (Vg2, 56 timer) Barne- og ungdomsarbeiderfag (Vg2, 56 timer) Betong og mur (Vg2, 56 timer) Bilskade, lakk og karosseri (Vg2, 56 timer) Blomsterdekoratør (Vg2, 56 timer) Brønnteknikk (Vg2, 56 timer) Børsemaker (Vg2, 56 timer) Båtbygger (Vg2, 56 timer) Datateknologi og elektronikk (Vg2, 56 timer) Drone (Vg2, 56 timer) Duodji (Vg2, 56 timer) Elenergi og ekom (Vg2, 56 timer) Fiske og fangst (Vg2, 56 timer) Flyfag (Vg2, 56 timer) Fotterapi og ortopediteknikk (Vg2, 56 timer) Frisør (Vg2, 56 timer) Gull- og sølvsmedhåndverk (Vg2, 56 timer) Helsearbeiderfag (Vg2, 56 timer) Helseservicefag (Vg2, 56 timer) Heste- og dyrefag (Vg2, 56 timer) Hudpleie (Vg2, 56 timer) Industriteknologi (Vg2, 56 timer) Informasjonsteknologi (Vg2, 56 timer) Interiør og eksponeringsdesign (Vg2, 56 timer) Kjemiprosess- og laboratoriefag (Vg2, 56 timer) Kjøretøy (Vg2, 56 timer) Klima, energi og miljøteknikk (Vg2, 56 timer) Kokk- og servitørfag (Vg2, 56 timer) Kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk (Vg2, 56 timer) Kunst, design og arkitektur (Vg2, 56 timer) Landbruk og gartnernæring (Vg2, 56 timer) Landbruk og gartnernæring, økologisk (Vg2, 56 timer) Maritime fag (Vg2, 56 timer) Matproduksjon (Vg2, 56 timer) Medieproduksjon (Vg2, 56 timer) Medier og kommunikasjon (Vg2, 56 timer) Overflateteknikk (Vg2, 56 timer) Realfag (Vg2, 56 timer) Reindrift (Vg2, 56 timer) Rørlegger (Vg2, 56 timer) Salg og reiseliv (Vg2, 56 timer) Service, sikkerhet og administrasjon (Vg2, 56 timer) Skogbruk (Vg2, 56 timer) Smed (Vg2, 56 timer) Språk, samfunnsfag og økonomi (Vg2, 56 timer) Søm og tekstilhåndverk (Vg2, 56 timer) Transport og logistikk (Vg2, 56 timer) Trearbeid (Vg2, 56 timer) Treteknikk (Vg2, 56 timer) Tømrer (Vg2, 56 timer) Urmaker (Vg2, 56 timer)