Læreplan for kroppsøving
Læreplanen er hentet fra www.udir.no/lk20/kro01-05
Kroppsøving er eit sentralt fag for å stimulere til livslang bevegelsesglede og til ein fysisk aktiv livsstil ut frå eigne føresetnader. Faget skal bidra til at elevane lærer, sansar, opplever og skaper med kroppen. Gjennom bevegelsesaktivitet og naturferdsel saman med andre fremjer kroppsøving samarbeid, forståing og respekt for kvarandre. Faget skal bidra til at elevane utvikler kompetanse om trening, livsstil og helse og erfarer kva eigen innsats har å seie for å oppnå mål. Innsatsen til elevane er derfor ein del av kompetansen i kroppsøving. Faget skal motivere elevane til å halde ved like ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kroppsøving skal bidra til å gi elevane høve til å praktisere og reflektere over samspel, medverknad, likestilling og likeverd. I kroppsøving skal elevane løyse utfordringar og oppgåver i eit mangfaldig læringsfellesskap. Faget skal òg utfordre motet deira til å tøye eigne grenser. Leik, friluftsliv, dans, symjing, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar er ein del av den felles danninga og identitetsskapinga i samfunnet. Kroppsøving tek vare på tradisjonell bevegelsesaktivitet i samfunnet, men stimulerer òg til eksperimentering og kreativ utfalding i alternative bevegelsesformer. Kroppsøving fremjar kritisk tenking omkring kroppsideal som kan påverke sjølvkjensle, helse, trening og livsstil. Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.
Kjerneelement
Bevegelse og kroppsleg læringElevane skal bli kjende med å vere i bevegelse åleine og saman med andre ut frå eigne interesser, intensjonar og føresetnader. Elevane utforskar eigen identitet og eige sjølvbilete, og reflekterer over og tenkjer kritisk om samanhengane mellom bevegelse, kropp, trening og helse. Kroppsøving gir rom for kroppsleg læring gjennom leik og øving i friluftsliv, dans, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar. Kroppsleg læring handlar om allsidig motorisk læring, utvikling av kroppsmedvit og stimulering til bevegelsesglede.
Deltaking og samspel i bevegelsesaktivitetar
Elevane skal løyse utfordringar og oppgåver i eit læringsfellesskap og kunne reflektere over samspel, samhandling og likeverd. I mange bevegelsesaktivitetar er deltaking, medverknad og samarbeid nødvendig for å fremje læring hos seg sjølv og andre. Det inneber å anerkjenne ulikskap og inkludere alle, uavhengig av føresetnader.
Uteaktivitetar og naturferdsel
Elevane skal bruke nærområdet og utforske naturen gjennom varierte uteaktivitetar under vekslande årstider. Naturopplevingar og trygg og berekraftig ferdsel er sentralt. I kroppsøving skal elevane få oppleve ulike kulturar innanfor friluftsliv, inkludert aktivitetar knytte til samisk kultur.
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistringI kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å fremje god psykisk og fysisk helse og gi elevane verktøy til å ta ansvarlege livsval. Faget skal fremje eit positivt sjølvbilete som kan gi elevane ein trygg identitet. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om ulike perspektiv på bevegelsesaktivitetar og helse. Elevane skal òg lære å forvalte helse som ressurs på ein måte som gagnar den enkelte, og lære å ta val som er gode for eiga og andre si helse gjennom livet.
Demokrati og medborgarskap
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å fremje evne til samspel i aktivitetar og refleksjon over kva eiga deltaking og eigen innsats inneber for samspel og læring i faget. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om og forståing av demokratiske verdiar og spelereglar gjennom medverknad og medansvar i deltaking og samarbeid. Faget skal òg gi rom for å øve opp kritisk tenking og lære å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje.
Berekraftig utvikling
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om naturopplevingar med vekt på trygg og berekraftig ferdsel. Faget skal medverke til forståing for at vala den enkelte gjer, har betydning og konsekvensar for berekraftig utvikling og vern av livet på jorda både lokalt, regionalt og globalt.
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiterMunnlege ferdigheiter i kroppsøving er å kunne lytte og kommunisere i bevegelsesaktivitetar, og å kunne forklare og uttrykkje eigne erfaringar og refleksjonar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i kroppsøving går frå språkleg utforsking i bevegelseserfaringar til vidare refleksjon og drøfting rundt sentralt innhald i faget.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i kroppsøving er å planleggje, gi uttrykk for og vurdere eiga utvikling i faget. Det inneberer òg å utforme eigne treningsplanar. Utviklinga av skriveferdigheiter i kroppsøving går frå å bruke teikningar, bilete, figurar og planar til å kunne skrive meir fagspesifikke tekstar og illustrasjonar.
Å kunne lese
Å kunne lese i kroppsøving er å finne, tolke og kritisk vurdere ulike former for tekstar og informasjon og å søkje kunnskap som er nødvendig for å utvikle kompetanse i faget. Utviklinga av leseferdigheiter i kroppsøving går frå å hente inn og reflektere over informasjon frå enkle instruksjonar, kart og tekstar til å kunne lese meir samansette og fagspesifikke tekstar, kart og bilete.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i kroppsøving er å bruke matematiske uttrykk for å planleggje, gjennomføre og reflektere over ulike forhold i mangfaldet av bevegelsesaktivitetar innanfor faget. Utviklinga av rekneferdigheiter i kroppsøving går frå å erfare avstand, aktivitetar, spel og leik til gjennom aukande kompleksitet, å kunne relatere bevegelsesaktivitetar til omgrep som vekt, fart, kraft, tid og mengd.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i kroppsøving er å kunne bruke digitale ressursar til å utforske, vere skapande og løyse praktiske utfordringar i faget. Det inneber òg å bruke digitale ressursar bevisst og kritisk til å utvikle ein trygg identitet, kroppsmedvit og eit positivt sjølvbilete. Utviklinga av digitale ferdigheiter i kroppsøving går frå å kunne følgje reglar for digital samhandling og personvern til å planleggje og vurdere eigentrening ved hjelp av digitale ressursar.
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering vg1
- trene på og skape nye variantar av leik, bevegelsesaktivitet og dans saman med andre
- planleggje og gjennomføre metodar for øving og trening for å oppnå individuelle mål, òg når ein ikkje fullt ut kan delta i aktiviteten
- bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og bidra til å gjere andre gode i aktivitet og samspel
- førebyggje skadar ved bevegelsesaktivitetar og utføre grunnleggjande førstehjelp
- bruke kart og digitale verktøy på ein måte som sikrar trygg ferdsel for seg sjølv og for andre
- bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen under vekslande årstider
Kompetansemål og vurdering vg2
- gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar og forstå korleis ulike aktivitetar påverkar og utviklar koordinasjon, styrke, uthald og bevegelegheit
- utføre trening på eiga hand og reflektere over korleis fysisk aktivitet kan fremje god psykisk og fysisk helse og bidra til ein helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv
- praktisere reglar for å delta i ulike bevegelsesaktivitetar og medverke til læring for andre
- planleggje og gjennomføre uteaktivitetar til ulike årstider, der formålet er å ha gode naturopplevingar
- praktisere berekraftig ferdsel i naturen og kunne gjennomføre friluftsliv i nærområdet
Kompetansemål og vurdering vg3
- øve på og utvikle kunnskapar og ferdigheiter i ulike bevegelsesaktivitetar ut frå eigne føresetnader
- planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening og forklare korleis dette kan medverke til ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang
- beskrive og drøfte samanhengar mellom bevegelse, kropp, trening og helse i samfunnet
- samarbeide om å løyse praktiske oppgåver i eit læringsfellesskap og ut frå øving og aktivitet reflektere over korleis eigen medverknad kan påverke andre
- planleggje og gjennomføre uteaktivitetar og friluftsliv i nærområdet
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
• Vg1 særløp i yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg3 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i skule: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
• Vg3 påbygging til generell studiekompetanse: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Når faget går over fleire år, skal elevane få standpunktvurdering berre på det øvste nivået i faget.
Eksamen for elevar
Eleven har ikkje eksamen
Eksamen for privatistar
• Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
• Vg3 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i skule: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Kroppsøving (Vg1)
Timer 56
Trinn Vg1 – Videregående trinn 1
Programområder med kroppsøving
Fellesfag
Bygg- og anleggsteknikk (Vg1, 56 timer) Elektro og datateknologi (Vg1, 56 timer) Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (Vg1, 56 timer) Helse- og oppvekstfag (Vg1, 56 timer) Håndverk, design og produktutvikling (Vg1, 56 timer) Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Vg1, 56 timer) Kunst, design og arkitektur (Vg1, 56 timer) Medier og kommunikasjon (Vg1, 56 timer) Naturbruk (Vg1, 56 timer) Restaurant- og matfag (Vg1, 56 timer) Salg, service og reiseliv (Vg1, 56 timer) Studiespesialisering (Vg1, 56 timer) Teknologi- og industrifag (Vg1, 56 timer)Kroppsøving (Vg2)
Timer 56
Trinn Vg2 – Videregående trinn 2
Programområder med kroppsøving
Fellesfag
Aktivitør (Vg2, 56 timer) Akvakultur (Vg2, 56 timer) Ambulansefag (Vg2, 56 timer) Anleggsgartner (Vg2, 56 timer) Anleggsteknikk (Vg2, 56 timer) Arbeidsmaskiner (Vg2, 56 timer) Automatisering (Vg2, 56 timer) Baker og konditor (Vg2, 56 timer) Barne- og ungdomsarbeiderfag (Vg2, 56 timer) Betong og mur (Vg2, 56 timer) Bilskade, lakk og karosseri (Vg2, 56 timer) Blomsterdekoratør (Vg2, 56 timer) Brønnteknikk (Vg2, 56 timer) Børsemaker (Vg2, 56 timer) Båtbygger (Vg2, 56 timer) Datateknologi og elektronikk (Vg2, 56 timer) Drone (Vg2, 56 timer) Duodji (Vg2, 56 timer) Elenergi og ekom (Vg2, 56 timer) Fiske og fangst (Vg2, 56 timer) Flyfag (Vg2, 56 timer) Fotterapi og ortopediteknikk (Vg2, 56 timer) Frisør (Vg2, 56 timer) Gull- og sølvsmedhåndverk (Vg2, 56 timer) Helsearbeiderfag (Vg2, 56 timer) Helseservicefag (Vg2, 56 timer) Heste- og dyrefag (Vg2, 56 timer) Hudpleie (Vg2, 56 timer) Industriteknologi (Vg2, 56 timer) Informasjonsteknologi (Vg2, 56 timer) Interiør og eksponeringsdesign (Vg2, 56 timer) Kjemiprosess- og laboratoriefag (Vg2, 56 timer) Kjøretøy (Vg2, 56 timer) Klima, energi og miljøteknikk (Vg2, 56 timer) Kokk- og servitørfag (Vg2, 56 timer) Kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk (Vg2, 56 timer) Kunst, design og arkitektur (Vg2, 56 timer) Landbruk og gartnernæring (Vg2, 56 timer) Landbruk og gartnernæring, økologisk (Vg2, 56 timer) Maritime fag (Vg2, 56 timer) Matproduksjon (Vg2, 56 timer) Medieproduksjon (Vg2, 56 timer) Medier og kommunikasjon (Vg2, 56 timer) Overflateteknikk (Vg2, 56 timer) Realfag (Vg2, 56 timer) Reindrift (Vg2, 56 timer) Rørlegger (Vg2, 56 timer) Salg og reiseliv (Vg2, 56 timer) Service, sikkerhet og administrasjon (Vg2, 56 timer) Skogbruk (Vg2, 56 timer) Smed (Vg2, 56 timer) Språk, samfunnsfag og økonomi (Vg2, 56 timer) Søm og tekstilhåndverk (Vg2, 56 timer) Transport og logistikk (Vg2, 56 timer) Trearbeid (Vg2, 56 timer) Treteknikk (Vg2, 56 timer) Tømrer (Vg2, 56 timer) Urmaker (Vg2, 56 timer)Kroppsøving (Vg3)
Timer 56
Trinn Vg3 – Videregående trinn 3