Læreplan for innholdsproduksjonsfaget

Læreplanen er hentet fra https://www.udir.no/lk20/ihp03-01
Fagrelevans og sentrale verdiar

Vg3 innhaldsproduksjonsfaget handlar om å kommunisere og utforme innhald i ein digital kvardag og i eit digitalt samfunn der teknologi skaper nye måtar å kommunisere og samhandle på. Faget førebur lærlingane på å forstå den rolla media speler i eit samfunnsperspektiv. Det førebur dei òg på å jobbe i fellesskap for å fullføre prosjekt og på å gjennomføre oppdrag i ein profesjonell arbeidsmarknad med høge krav til brukar- og produksjonskompetanse.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 innhaldsproduksjonsfaget skal bidra til at lærlingane kan utvikle kreativitet og skapartrong og gjere medvitne val som produsentar og forbrukarar av medium. Gjennom at lærlingane får høve til å arbeide med ulike innhaldsproduksjonar, skal faget bidra til at dei får kunnskap om etikk og gjeldande regelverk. Faget skal bidra til at lærlingane får erfaring med å handtere komplekse utfordringar gjennom å utforske, reflektere og diskutere.


Kjerneelement

Design og kreativitet
Kjerneelementet design og kreativitet handlar om yrkesutøving i prosessen frå idé til ferdig produkt. Kjerneelementet handlar vidare om å løyse kjende og ukjende problem med kreativ bruk av design, komposisjon og kommunikasjon. Det omfattar òg design som verkemiddel i kommunikasjon og gode brukaropplevingar.

Teknologi og produksjon
Kjerneelementet teknologi og produksjon handlar om moglegheitene teknologi skaper for kommunikasjon, brukaropplevingar og interaksjon. Vidare handlar det om å produsere og publisere medieprodukt gjennom å arbeide med kreative prosessar og metodar. Det omfattar òg kunnskap om tekniske løysingar og om å velje og halde ved like utstyr og verktøy tilpassa ulike arbeidsoppgåver.

Kommunikasjon og historieforteljing
Kjerneelementet kommunikasjon og historieforteljing handlar om å formidle informasjon på ein måte som skaper forståing og engasjement. Vidare handlar det om å kommunisere effektivt og tydeleg tilpassa kanal, sjanger og målgruppe. Kjerneelementet inneber òg å utvikle forståing av relasjonar og mellommenneskeleg kommunikasjon.


Tverrfaglege tema

Demokrati og medborgarskap
I vg3 innhaldsproduksjonsfaget handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å forstå korleis ulike innhaldsproduksjonar er med på å påverke samfunnsdebatten. Vidare handlar det om å forstå kor viktig det er med ytringsfridom, og kor viktig det er å følgje etiske retningslinjer i arbeidet med innhaldsproduksjon.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 innhaldsproduksjonsfaget inneber å presentere, instruere og gjere greie for planar for korleis ein produksjon skal gjennomførast. Det inneber òg å tilpasse språket til ulike mottakarar. Det inneber òg å lytte og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det omfattar vidare å bruke fagterminologi i kommunikasjon med andre og å reflektere over og drøfte moglege val og løysingar.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 innhaldsproduksjonsfaget inneber å formidle ei historie, ein bodskap, planar, idear og løysingar i eit språk som er tilpassa ulike mottakarar. Det inneberer vidare å bruke fagterminologi til å utforme tekstar tilpassa mottakar og formål og til å planleggje og dokumentere arbeid i ein prosess. Det omfattar òg å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar, og å rapportere og dokumentere arbeid.

Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 innhaldsproduksjonsfaget inneber å bruke tekstar som strategidokument, publiseringsplanar, regelverk og retningslinjer til å finne informasjon om korleis eit oppdrag eller ei oppgåve skal løysast. Det inneber òg å samanlikne og tolke informasjon og trekkje faglege slutningar ut frå kjent og ukjent fagstoff.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 innhaldsproduksjonsfaget inneber å forstå og lage budsjett og å analysere brukardata og -statistikk for vidareutvikling og rapportering.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 innhaldsproduksjonsfaget inneber å nytte digitale kommunikasjonsplattformer og å bruke digitale produksjonsverktøy for å gjennomføre oppgåver og planar.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering vg3 innhaldsproduksjonsfaget

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • planleggje, gjennomføre og publisere ulike innhaldsproduksjonar
  • forstå behovet til oppdragsgivaren og kva bodskap som skal formidlast
  • gjere greie for metodar for å tileigne seg brukarinnsikt og nytte metodar for brukarinnsikt på aktuelle målgrupper
  • beskrive og bruke metodar for idéutvikling
  • bruke ulike sjangrar og format for å formidle ein bodskap
  • utvikle og leggje fram ein pitch for eit prosjekt
  • kartleggje ressursbehov og lage produksjonsplan og budsjett for eit prosjekt
  • gjennomføre opptak med foto, film eller lyd tilpassa rammevilkåra i eit prosjekt
  • velje og bruke verktøy, programvare og teknisk utstyr tilpassa eit prosjekt
  • bruke komposisjon, ulike typar lyssetjing og digitalt etterarbeid som verkemiddel for å framheve form, struktur, farge og bodskap i visuelle produksjonar
  • bruke programvare for etterarbeid og eksportering av eit ferdig produkt og vurdere val av format og filtypar
  • gjere greie for korleis personalisering og algoritmar styrer distribusjon av digitalt innhald
  • planleggje ein marknadsførings- og publiseringsstrategi og vurdere val av plattform for publisering av eit ferdig produkt
  • bruke gjeldande regelverk, lovverk og retningslinjer for etikk, opphavsrett, produksjon, publisering og oppbevaring av medieprodukt i eige arbeid
  • reflektere over og evaluere resultat og erfaringar knytte til eige bidrag i produksjonar
  • reflektere over og beskrive eiga rolle i team og i verksemda
  • reflektere over og beskrive korleis ulike innhaldsproduksjonar kan påverke samfunnsdebatten og demokratiet
  • ferdigstille eit produkt for publisering i tråd med prinsipp for universell utforming
  • gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i lærebedrifta
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 innhaldsproduksjonsfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 innhaldsproduksjonsfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.

Vurderingsordning

Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.

Opplæringa i vg3 innhaldsproduksjonsfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på seks–åtte vyrkedagar.