Ofte stilte spørsmål

Her kan du finne ofte stilte spørsmål og svar i fylket ditt.

Informasjon fra Møre og Romsdal



Når kan eg søke skole for 2023/2024?
Vigo åpnes for søking 4. januar. 

Når får eg svar på søknaden?
Du finn inntakskalender med alle datoar her

Eg har mistet brukernavn og passord til Vigo
Ta kontakt med MinID, telefon: 800 30 300, e-post: minid@difi.no

Kan eg endre søknaden etter søknadsfristen?
Du kan ikkje endre søknaden etter fristen med mindre du har svært gode medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar til det. Desse må dokumenterast. Begrunna søknad og dokumentasjon sendes via eDialog

Kva skjer om eg er på ferie når skoletilbod kjem?
Logg inn på vigo.no når du får sms om inntak. Du kan registrere førehandssvar til skoleplass og ventelisteplass i vigo fram til 15. juni. 

Eg har kommet inn på mitt første ønske, kan eg bytte til 2. eller 3. ønske?
Nei, det er ikkje mulig å bytte til et lavere ønske. Du kan ta kontakt med den aktuelle skolen og be om å få stå på lokal venteliste.

Eg står på venteliste etter førsteinntaket. Kan eg få vite om det har kome inn nei-svar frå andre slik at eg rykker opp?
Nei, du må vente til du får melding om andreinntaket. Hvis du vil behalde tilbodet du har fått, må du takke nei til ventelisteplass.

Kva skjer om eg ikkje får tilbod etter førsteinntaket?
Alle søkarar som har ungdomsrett skal få tilbod om skoleplass før skolestart. Du har rett til skoleplass på eitt av tre alternative utdanningsprogram på Vg1, eller noko du er kvalifisert til på Vg2 eller Vg3. 

Eg har fått tilbod på eit lågare ønske etter andreinntaket. Står eg fortsatt på venteliste til dei høgare ønska mine?
Det kan vere nokon takkar nei, og ledige plassar blir frigjort. Skolane vil ta kontakt med dei som står på venteliste dersom det blir ledige plassar før eller etter skolestart.

Kan eg sette meg på ventelisten til et programområde eller en skole eg ikkje har søkt på?
Inntak kan ikkje hjelpe med dette. Du kan ta kontakt med den aktuelle skolen etter skolestart for å høre om de har mulighet til å sette deg på venteliste.

Eg kan ikkje møte til første skoledag. Kva gjer eg?
Du må ta kontakt med skolen. Dersom du ikkje melder frå til skolen, så mister du plassen du har fått tildelt.

Kan inntak plassere meg i samme klasse som vennen(e) mine?
Nei, det er skolen som setter opp klassene.

Kan eg bytte skoleplass etter skolestart?
Dersom skolen har ledig plass og ikkje har nokon igjen på ventelistene, er det opp til skolen å avgjere om dei kan ta inn ein elev som ønsker å bytte skoleplass etter skolestart.

Når kan eg søke lån og stipend?
Du finn link til Statens Lånekasse på vigo.no eller lanekassen.no etter at du har takka ja til skoleplass.

Kva er poenggrensa for inntak til dei ulike tilboda og skolane?
Søkartal til dei ulike tilboda og skolane endrar seg frå år til år, og det vil også poenggrensa gjere. Du kan sjå inntaksstatistikk på mrfylke.no 

 

Ofte stilte spørsmål om formidling