Alternative opplæringstilbud i fylket



De fleste fylkeskommuner har alternative opplæringstilbud i tilknytning til de ordinære utdanningsprogrammene og programområdene. Det kan være spesielt tilrettelagt opplæring for deg som har behov for det, eller spesielle tilbud for deg som har falt ut av videregående opplæring.

Alternative opplæringstilbud kan for eksempel være

  • tilbud som kombinerer skole og utplassering i arbeidslivet (som for eksempel praksisbrev).
  • tilbud med spesiell vekt på arbeids- og botrening innen forskjellige utdanningsprogram.
  • tilbud om forberedende år eller innføringsår som kombinerer flere utdanningsprogram.

På sidene med utdanningsprogrammene og i informasjonen fra fylket ditt nedenfor finner du oversikt over hvilke tilbud som gis.

 

Informasjon fra Møre og Romsdal



Fannefjord videregående skole

Fannefjord videregående skole
Postadresse Fylkeshuset, 6404 Molde
Besøksadresse Julsundvegen 49 B, Molde
Telefon 71 28 30 00

Fannefjord vidaregåande skole gir opplæring til ungdom med psykiske, sosiale og emosjonelle vanskar, og som på grunn av desse vanskane har eit skjermingsbehov.

Elevar som er i ferd med å falle ut av den ordinære vidaregåande skolen på grunn av slike vanskar, kan i kortare eller lengre periodar vere elev ved Fannefjord vgs. For nærare informasjon om tilbod; sjå nettstaden og/eller ta kontakt med skolen.

 

Generelt om særskilte tilretteleggingar 

Ei hovudmålsetting for fylkesutdanningssjefen i Møre og Romsdal er at alle dei vidaregåande skolane skal vere budde på å ta imot og legge til rette for gode og tilfredsstillande undervisningstilbod for alle søkarar i vidaregåande opplæring. Også for dei søkarane som har store hjelpebehov på grunn av fysiske og/eller psykiske utfordringar.

Alle elevar skal ha eit tilbod på ein vidaregåande skole og ei opplæring innafor ramma til vidaregåande opplæring sine utdanningsprogram. På den måten kan ein best sikre likeverdige tilbod uavhengig av kor ein bur i fylket, ha tilbod med høg kvalitet og relevans for elevane, slik at dei får ei opplæring dei kan gjere seg nytte av seinare i livet.

Gjennom utvikling av nye skolebygg, tilpassing og utbygging av lokale og kompetanseheving, har fylkeskommunen lukkast med å gi gode tilbod til elevar med samansette hjelpe- og opplæringsbehov. Alle dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal kan no ivareta alle elevar i vidaregåande opplæring.

Det er fritt skoleval i Møre og Romsdal, og det er eit grunnleggande prinsipp at alle søkarar også skal kunne velje fritt mellom dei utdanningsprogramma/programområda som finst i dei vidaregåande skolane i fylket. Eit val dei kan gjere ut frå interesse, eigne muligheiter og motivasjon. Det er i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ein finn flest mål elevane i denne elevgruppa kan gjere seg nytte av.

Med god kjennskap til skolane og dei ulike tilboda er det rådgivarar ved inntaksseksjonen i fylkeskommunen som sakshandsamar og gir tilbod om skoleplass.