Læreplan for helse- og oppvekstfag

Læreplanen er hentet fra https://www.udir.no/lk20/hsf01-03
Fagrelevans og sentrale verdiar

Vg1 helse- og oppvekstfag skal bidra til at samfunnet har tilstrekkeleg kompetanse i helse- og oppvekstsektoren. Programfaga skal bidra til at aktivitetar som fremjar meistring, utvikling og helse, blir tekne i bruk i yrkesutøvinga. Programfaga skal vidare bidra til å utvikle praktiske ferdigheiter, evne og vilje til kontinuerleg kvalitetsforbetring og medvit om profesjonelt arbeid og service. Programfaga skal gi grunnlag for helsefremjande arbeid med menneske i ulike livssituasjonar i eit samfunn i endring.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 helse- og oppvekstfag skal bidra til ein inkluderande fellesskap der yrkesutøvinga byggjer på empati og omsorg, respekt for at menneske er ulike, og at konfliktar kan løysast på fredeleg vis. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle sosial kompetanse og til respekt for menneske, kulturar og tradisjonar. Å utvikle engasjement, god dømmekraft og profesjonelt fagleg skjønn hos elevane er ein sentral del av faget. Vg1 helse- og oppvekstfag skal bidra til kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.


Kjerneelement

Helse og livsstil
Kjerneelementet helse og livsstil handlar om å fremje fysisk og psykisk helse. Det inneber å vite korleis ein som yrkesutøvar kan bidra til å fremje ein aktiv og sunn livsstil. I det inngår verdien av eit sunt kosthald og fysisk aktivitet og av å førebyggje livsstilssjukdommar og hindre smitte. Kjerneelementet handlar vidare om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, med utgangspunkt i det friske mennesket. Ergonomi, førstehjelp og systematisk observasjon inngår også i kjerneelementet.

Omsorg, relasjonar og tverrfagleg samarbeid
Kjerneelementet omsorg, relasjonar og tverrfagleg samarbeid handlar om å vise omsorg og om å kommunisere og samhandle med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar og med ulik kulturell bakgrunn. Brukarmedverknad og service står sentralt. Vidare handlar det om å reflektere over kva eiga åtferd har å seie i møte med andre menneske. Det handlar også om kunnskap om korleis helse- og oppvekstsektoren er bygd opp, og om verdien av tverrfagleg samarbeid.

Etikk og teknologi
Kjerneelementet etikk og teknologi handlar om å møte menneske i ulike livssituasjonar med toleranse og respekt. Det handlar òg om å ta i bruk hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi, og om å følgje etiske retningslinjer i yrkesutøvinga. Det handlar vidare om profesjonell yrkesutøving og om relevant lov- og regelverk.


Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring
I vg1 helse- og oppvekstfag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å vise forståing, respekt og toleranse overfor andre menneske. Det handlar òg om kva som gir menneske eit godt liv, og korleis ein som yrkesutøvar kan rettleie brukarane når det gjeld å ta gode helseval. Folkehelse og livsmeistring skal vidare bidra til kunnskap om mennesket i ulike livsfasar.

Demokrati og medborgarskap
I vg1 helse- og oppvekstfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å tenkje kritisk, handtere meiningsbryting og respektere usemje. Temaet skal òg bidra til brukarmedverknad og til at individuelle rettar og plikter i yrkesutøvinga blir tekne vare på.

Berekraftig utvikling
I vg1 helse- og oppvekstfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis forbruk og aktivitetar påverkar miljøet. Det handlar òg om å ta miljømedvitne val i yrkesutøvinga.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne kommunisere forståeleg med kollegaer og med menneske frå ulike kulturar og i ulike livssituasjonar. Det inneber òg å tilpasse språket sitt til mottakar, innhald og formål og å lytte til og vise respekt for den ein snakkar med. Vidare inneber det å kunne bruke relevante faguttrykk og uttrykkje eigne observasjonar på ein systematisk måte.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne ytre seg forståeleg om helse- og oppvekstrelaterte tema. Det handlar òg om å bruke eit presist fagspråk og tilpasse tekstar til ulike formål, mottakarar og medium. Vidare handlar det om å planleggje og dokumentere faglege aktivitetar og om å bruke og kombinere ulike uttrykksformer som tekst, bilete og symbol på ein formålstenleg måte.

Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne tileigne seg ny kunnskap og innsikt. Vidare inneber det å finne fram til relevant informasjon, forstå faguttrykk og vurdere innhaldet i tekstar ut frå fagkunnskap og å forstå det ein leser i faglitteratur, statistikk, lovtekstar og planar.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne resonnere, bruke rekneverktøy og gjere økonomiske berekningar, vidare å hente informasjon frå tabellar, statistikk og diagram. Det inneber òg å bruke ulike rekneartar og måleiningar i arbeidet med helse, ernæring og kosthald.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne bruke digitale ressursar på ein formålstenleg og forsvarleg måte. Det vil seie å vere kreativ i bruken av digitale ressursar i kommunikasjon og samhandling med andre og vidare kunne vurdere informasjon frå digitale kjelder kritisk, bruke nettvett og utvikle digital dømmekraft.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering helsefremjande arbeid

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • beskrive korleis kroppen er bygd opp, og forklare korleis han fungerer
  • vurdere kva som fremjar psykisk og fysisk helse, og korleis ein kan førebyggje livsstilssjukdommar og hindre smitte
  • planleggje, gjennomføre og vurdere aktivitetar som bidreg til meistring, utvikling og god helse
  • setje saman og lage enkle måltid og vurdere energi- og næringsinnhaldet i tråd med kostråda frå helsestyresmaktene
  • bruke hygieniske prinsipp for å fremje god helse
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • drøfte og gi døme på kva den enkelte og samfunnet kan gjere for å betre si eiga helse og folkehelsa
  • gjere greie for korleis forbruk og aktivitetar påverkar miljøet, og reflektere over korleis ein kan ta miljømedvitne val i yrkesutøvinga
  • bruke riktige arbeidsteknikkar og gode arbeidsstillingar og gjere greie for samanhengen mellom ergonomi og helse
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i helsefremjande arbeid når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfagetLæraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i helsefremjande arbeid. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga til å utvikle kompetansen sin i programfaget.

Kompetansemål og vurdering kommunikasjon og samhandling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • kommunisere og samhandle med menneske frå ulike kulturar, i ulike aldrar og livssituasjonar
  • vise relasjonsferdigheiter og reflektere over eiga åtferd
  • vise omsorg og yte service som fremjar trivsel og meistring
  • gjere greie for kva sosial og kulturell kompetanse er, og gi døme på korleis haldningar, verdiar og ulike menneskesyn påverkar yrkesutøvinga
  • drøfte korleis usemje kan handterast, og prøve ut ulike modellar for konflikthandtering
  • bruke digitale ressursar i kommunikasjon og samhandling
  • reflektere over kva digital dømmekraft inneber, vurdere kjelder kritisk og vise nettvett i arbeidet
  • bruke observasjons- og kommunikasjonsferdigheiter i eige arbeid
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga til å utvikle kompetansen sin i programfaget.

Kompetansemål og vurdering yrkesliv helse- og oppvekstfag

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for korleis helse- og oppvekstsektoren er organiserte, og reflektere over eige yrkesval
  • vise korleis brukarmedverknad kan gjennomførast i helse- og oppvekstsektoren
  • beskrive kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar, og reflektere over eigen praksis
  • gjere greie for gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • vurdere korleis hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi kan brukast i yrkesutøvinga
  • drøfte korleis endringar i samfunnet kan påverke yrkesutøvinga og peike på moglegheiter og utfordringar desse endringane kan gji
  • forklare og gi døme på kva etiske dilemma i yrkesutøvinga er og korleis slike dilemma kan handterast
  • gjere greie for kvifor det er viktig med tverrfagleg samarbeid, og gi døme på yrkesgrupper som er med i eit slikt samarbeid
  • gjere greie for sentralt regelverk som regulerer arbeidet i helse- og oppvekstsektoren, og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
  • gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i yrkesliv i helse- og oppvekstfag når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i yrkesliv i helse- og oppvekstfag. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga til å utvikle kompetansen sin i programfaget.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

Helsefremjande arbeid: Eleven skal ha éin standpunktkarakter. Kommunikasjon og samhandling: Eleven skal ha éin standpunktkarakter. Yrkesliv i helse- og oppvekstfag: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Helsefremjande arbeid: Eleven skal ikkje opp til eksamen. Kommunikasjon og samhandling: Eleven skal ikkje opp til eksamen. Yrkesliv i helse- og oppvekstfag: Eleven skal ikkje opp til eksamen.

Eksamen for privatistar

Helsefremjande arbeid: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Kommunikasjon og samhandling: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Yrkesliv i helse- og oppvekstfag: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helse- og oppvekstfag: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen og blir utarbeidd og sensurert lokalt.


Helsefremmende arbeid (Vg1)

Timer 197

Trinn Vg1


Kommunikasjon og samhandling (Vg1)

Timer 140

Trinn Vg1


Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (Vg1)