Læreplan for helseservicefag

Læreplanen er hentet fra https://www.udir.no/lk20/hes02-03
Fagrelevans og sentrale verdiar

Vg2 helseservicefag handlar om å utvikle yrkesutøvarar som kan dekkje det behovet samfunnet har for god helseservice. Å gi god helseservice inneber å opptre profesjonelt og effektivt i møte med kundar, pasientar og pårørande. Programfaga skal bidra til å utvikle yrkesutøvarar som kan utføre administrative oppgåver og bruke kontorutstyr og medisinsk-teknisk utstyr. Vidare skal programfaga utvikle yrkesutøvarar som kan arbeide tverrfagleg i team og kommunisere profesjonelt med menneske i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 helseservicefag skal bidra til kunnskap om eit mangfaldig arbeidsliv og fremje forståing og respekt for likeverd og likestilling. Programfaga skal bidra til å utvikle yrkesutøvarar som har sosial kompetanse og behandlar kundar, pasientar og pårørande med respekt og empati. Vidare skal programfaga medverke til å utvikle yrkesutøvarar som har god dømmekraft og viser profesjonelt helsefagleg skjønn.


Kjerneelement

Helse og legemiddel
Kjerneelementet helse og legemiddel handlar om fysisk og psykisk helse, korleis sjukdommar oppstår, og verknader og biverknader av legemiddel. Det handlar òg om å observere allmenntilstanden til pasientar, vurdere og gjennomføre førstehjelp og setje i verk ulike helsetiltak. Dessutan handlar det om helse, miljø og sikkerheit med vekt på ergonomi, smittevern og hygienetiltak.

Rettleiing, service og relasjonar
Kjerneelementet rettleiing, service og relasjonar handlar om kommunikasjon og tverrfagleg samarbeid. Det handlar om å utvikle gode service-, kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter. Kjerneelementet handlar òg om informasjon og rettleiing om helsetenester, legemiddel og hjelpemiddel. Vidare handlar det om ulike strategiar for å meistre stress, konfliktar og kriser og om å reflektere over eiga åtferd i slike situasjonar.

Administrasjon, etikk og teknologi
Kjerneelementet administrasjon, etikk og teknologi handlar om toleranse og respekt i møte med menneske som treng helsehjelp. Det handlar òg om å utføre administrative oppgåver og om å bruke relevant regelverk, kontorutstyr og medisinsk-teknisk utstyr og andre tekniske hjelpemiddel. Vidare handlar det om yrkesetikk og om å behandle pasientinformasjon på ein trygg og sikker måte.


Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring
I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å vise forståing, respekt og toleranse i møte med kundar, pasientar og pårørande. Det handlar òg om å rettleie om gode helseval og tiltak som kan vere med på å fremje god psykisk og fysisk helse.

Demokrati og medborgarskap
I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om brukarmedverknad og om å ivareta dei individuelle rettane til pasientane. Det handlar òg om å tenkje kritisk og å respektere usemje. Vidare handlar det om arbeidstakarens rettar og plikter og om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.

Berekraftig utvikling
I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å ta miljøbevisste val i yrkesutøvinga. Det inneber mellom anna å kjeldesortere og redusere bruk av eingongsutstyr og å vurdere korleis bruk av ulike ressursar i yrkesutøvinga kan påverke miljøet.


Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 helseservicefag inneber å kommunisere tydeleg og forståeleg i møte med menneske frå ulike kulturar og i ulike livssituasjonar. Det inneber òg å tilpasse språket til mottakaren og å lytte til og vise respekt for den ein snakkar med. Vidare inneber det å bruke relevante faguttrykk og å formidle fagkunnskap.

Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 helseservicefag inneber å utarbeide dokumentasjon og bruke grunnleggjande faguttrykk og fagterminologi. Det inneber dessutan å kommunisere skriftleg med pasientar, brukarar og samarbeidspartnarar og å tilpasse tekstar til innhald, formål og mottakar.

Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 helseservicefag inneber å tileigne seg ny fagkunnskap og innsikt. Det inneber òg å forstå faglitteratur, lovtekstar, statistikk og planar. Vidare inneber det å omsetje skriftleg informasjon til konkrete tiltak i møte med pasientar, brukarar og kundar.

Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 helseservicefag inneber å ha tal- og mengdeforståing for å kunne bruke rekneartar ved rettleiing om kosthald og ernæring. Vidare handlar det om å berekne kostnader og handtere betaling og oppgjer for pasientbehandling.

Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 helseservicefag inneber å bruke digitale ressursar til å finne fagrelevant informasjon. Å utøve kjeldekritikk og utvikle digital dømmekraft står sentralt. Digitale ferdigheiter inneber òg å dokumentere og nyttiggjere seg elektronisk pasientinformasjon.


Kompetansemål og vurdering

Kompetansemål og vurdering helse og sjukdom 

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • beskrive og drøfte samanhengar mellom helse, livsstil, fysisk aktivitet og kosthald
  • gjere greie for fordøyingssystemet og immunforsvaret og gi døme på psykiske og fysiske faktorar som kan påverke dei
  • gjere greie for korleis smittsame sjukdommar, epidemiar og pandemiar oppstår og korleis dei kan førebyggjast
  • gjere greie for dei mest kjende barnesjukdommane
  • beskrive symptom ved infeksjonar, forgiftingar og allergiske reaksjonar og gi døme på behandlingstiltak
  • beskrive smertetilstandar knytte til akutte og kroniske sjukdommar
  • gjere greie for det normale svangerskapet
  • observere allmenntilstanden til pasientar og vurdere tiltak
  • forklare kva legemiddel er, og beskrive kor viktig riktig legemiddelbruk og dosering er
  • gjere greie for bruksområde, biverknader og forgiftingar ved bruk av dei vanlegaste reseptfrie legemidla
  • forklare kvifor det er viktig å følgje den behandlinga som blir føreskriven
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i helse og sjukdom når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i helse og sjukdom. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.

Kompetansemål og vurdering kommunikasjon og samhandling 

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • kommunisere og samhandle profesjonelt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • bruke grunnleggjande medisinske ord og uttrykk
  • bruke ulike strategiar for konflikt-, stress- og krisehandtering i yrkesutøvinga
  • informere om ulike helsetenester og forvaltningsnivå i helsevesenet
  • informere brukarar og pasientar om dei vanlegaste sjukdommane og plagene
  • gjere greie for informasjons- og rettleiingsrolla overfor pasientar og pårørande
  • drøfte kjenneteikn på god service og utføre profesjonell kunde- og pasientbehandling
  • reflektere over eiga åtferd og vise relasjonsferdigheiter i møte med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • gjere greie for individuelle og miljømessige faktorar som kan påverke den psykiske og fysiske helsa, og rettleie om kva som fremjar psykisk og fysisk helse
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.

Kompetansemål og vurdering yrkesliv i helseservicefag 

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
  • utføre administrative oppgåver som er felles for helseservicefaga og bruke kontorutstyr og medisinsk-teknisk utstyr
  • berekne kostnader og handtere betaling og oppgjer for pasientbehandling
  • utarbeide dokumentasjon og bruke faguttrykk i arbeidet
  • utføre praktisk smittevern og reflektere over kor viktig det er for den enkelte og for samfunnet
  • utføre psykisk og fysisk førstehjelp og halde ved like førstehjelpsutstyr
  • bruke digitale ressursar til informasjon, rettleiing og instruksjon og dokumentere eige arbeid
  • bruke offentlege elektroniske tenester for helsehjelp og pasientrettar
  • gjere greie for det sentrale regelverket for helsepersonell og reflektere over eige ansvar og etiske dilemma
  • gjere greie for kva teieplikt og personvern inneber i helse- og serviceyrka
  • følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit i yrkesutøvinga
  • forklare og vise samanhengar mellom ergonomi og helse
  • gjere greie for prinsipp for universell utforming og diskutere korleis lokale og service kan påverke velværet til folk
  • vurdere korleis ein kan bruke utstyr og produkt miljøbevisst og forsvarleg
  • gjere greie for yrka innanfor helseservicefaga og kva krav og forventningar arbeidslivet stiller til arbeidstakarar
  • følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet, og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i yrkesliv i helseservicefag når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira seg i yrkesliv i helseservicefag. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.

Vurderingsordning

Standpunktvurdering

Helse og sjukdom: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Kommunikasjon og samhandling: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Yrkesliv i helseservicefag: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Helse og sjukdom, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helseservicefag: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha ein førebuingsdel.

Eksamen for privatistar

Helse og sjukdom: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.

Kommunikasjon og samhandling: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen

Yrkesliv i helseservicefag: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen

Helse og sjukdom, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helseservicefag: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen