Vis meny

Læreplan for geografi

Tilbake til oversikten
Se hele læreplanen på www.udir.no/kl06/GEO1-01

Formål

Føremålet med geografifaget er å utvikle medvit om forholdet mellom naturen og dei menneskeskapte omgjevnadene. Opplæringa i faget skal stimulere til å sjå samanhengar mellom produksjon og forbruk og drøfte konsekvensar som areal- og ressursbruk har på miljøet og ei berekraftig utvikling.

Geografi skal gje grunnlag for å forstå befolkningsutvikling, kartleggje fordeling av ressursar, forklare likskapar og ulikskapar og diskutere endringsprosessar. Faget skal gje innsikt i korleis naturressursar, vêr og klima har lagt mykje av grunnlaget for busetnad og utvikling av samfunn. Geografi skal og skape forståing for kvifor ressursane er viktige for den globale produksjonen, arbeidsdelinga og busetnaden. Befolkningsutvikling og globale økonomiske prosessar påverkar den økonomiske utviklinga og den globale fordelinga av goda. Geografifaget skal gje oversikt over og forklare lokalisering av stader og utbreiing av naturlege og menneskeskapte forhold på jorda.

Geografifaget skal medverke til forståing og meistring av den store mengda av informasjon i vår tid. Meir kunnskap motiverer og stimulerer evna til kritisk analyse og heilskapsforståing. Dette kan gje eleven eit godt utgangspunkt for å vere med i utviklinga av samfunnet på ein konstruktiv måte. Eit viktig føremål med geografifaget er også å utvikle evna til toleranse og globalt medansvar hos eleven.

Grunnleggende ferdigheter

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i geografi inneber å omtale stader og forklare samanhengar og årsaker, og å diskutere og argumentere med utgangspunkt i geografiske tema. Skriftleg og munnleg uttrykksevne vil seie å kunne reflektere over meiningsinnhaldet i ulike typar informasjon og kjelder og grunngje eigne synspunkt. Dette inneber å presentere resultat av eige arbeid tydeleg og forståeleg for andre.

Å kunne lese i geografi inneber å utforske og bruke tekstar og andre kjelder og reflektere over dei. Å kunne lese gjer det mogleg å oppleve og forstå fenomen, stader og menneske. Det inneber å lese og tolke kart, bilete, tabellar og figurar og oppslagsverk kritisk og analytisk.

Å kunne rekne i geografi inneber å behandle og samanlikne talmateriale om geografiske tema og tolke tabellar og grafiske framstillingar. Reknedugleik er ein føresetnad for å kunne laga tabellar og grafar og rekne med avstandar og målestokk på kart.

Å kunne bruke digitale verktøy i geografi inneber å utforske nettstader, hente relevant informasjon og bruke nettbasert kommunikasjon om geografiske tema, vise kjeldekritikk og nettvett og orientere seg om personvern og opphavsrett. Det kan og innebere å bruka geografiske informasjonssystem og å bruke digitale verktøy i presentasjon av eigne arbeid.

Geografi (Vg1 eller Vg2)

Timer

56

Trinn

Vg1 eller Vg2

Karakterer

Elevene skal ha standpunktkarakter.

Eksamen

Elevene kan trekkes ut til muntlig eksamen.

Hovedområder

Geografiske kjelder og verktøy

Hovudområdet geografiske kjelder og verktøy omfattar bruk av kart, bilete, statistikk og geografiske informasjonssystem.

Målet er at eleven skal kunne:
  • lese og bruke kart i ulik målestokk og gjere enkel kartanalyse
  • bruke digitale kart og geografiske informasjonssystem (GIS)
  • gjere observasjonar og registreringar av geografiske tema på ekskursjon eller feltarbeid og bruke dei til å sjå natur og samfunn i samanheng
  • finne fram til og presentere geografisk informasjon ved å lese og vurdere tekst, bilete og statistiske framstillingar frå digitale og andre kjelder
  • gje oversikt over geografiske hovudtrekk, som elvar, innsjøar, fjell, byar og land nasjonalt og globalt

Landskap og klima

Hovudområdet landskap og klima handlar om indre og ytre krefter på jorda, og kva dei har hatt å seie når landskap vart danna. Samanhengen mellom naturlandskap og kulturlandskap blir utforska og kartlagd. Hovudområdet dreier seg om sentrale klimafaktorar og årsaker til og konsekvensar av aktuelle naturkatastrofar.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for korleis jorda er oppbygd, hovudtypane av bergartar og korleis dei blir danna
  • forklare korleis indre og ytre krefter formar landskap, og kjenne att typiske landformer i Noreg
  • beskrive naturlandskap og forskjellige kulturlandskap og forklare samanhengar og skilnader mellom dei
  • diskutere estetiske og økonomiske verdiar i landskap
  • gjere greie for globale hav- og luftstraumar og forklare kva dei har å seie for klimaet
  • gjere greie for forhold som bestemmer vêr- og klimatilhøva i Noreg
  • drøfte årsakene til naturkatastrofar i verda og kva for verknader dei har på samfunn som blir ramma

Ressursar og næringsverksemd

Hovudområdet ressursar og næringsverksemd handlar om kva ressursar har å seie for lokalisering, næringsutvikling og busetnad og vurderingar av lokaliseringsfaktorar som knyter seg til den globale økonomiske verksemda i dag.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for ressursomgrepet og diskutere kva som vert lagt i omgrepet berekraftig ressursutnytting
  • gje døme på og samanlikne ulike former for arealbruk i Noreg
  • drøfte miljøkonsekvensar i norske og samiske samfunn av bruk og inngrep i naturområde
  • gje døme på korleis ein har utnytta ressursane i Noreg og drøfte korleis endringar i næringsstrukturen har påverka lokalisering og busetnadsmønster
  • gje døme på lokaliseringsfaktorar som er viktige for global økonomisk verksemd og internasjonal arbeidsdeling, og vurdere kva dette har å seie i dag

Demografi og utvikling

Hovudområdet demografi og utvikling handlar om befolkningsteoriar, folketalsutvikling og flytting på jorda. Hovudområdet omfattar fordeling og skilnader mellom fattige og rike og drøftingar av ulike typar utvikling.

Målet er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for den demografiske utviklinga i Noreg med hovudvekt på situasjonen i dag
  • forklare årsakene til flyttestraumar i land og mellom land og drøfte verknadene
  • gje døme på teoriar om befolkningsutvikling og drøfte globale befolkningsforhold
  • gjere greie for globale skilnader i fordeling og levekår, forklare moglege årsaker til dei og drøfte korleis ein kan jamne ut skilnader mellom land